Fotballdommar tiltalt for overgrep

Ein bergensmann i 20-åra er tiltalt for overgrep mot mindreårige gutar, skriv BT. Mannen har vore fotballdommar og har følgt opp unge dommarar. Han blei meldt av NFF i fjor. Politiet har overfor BT slått fast at minst 28 gutar har blitt utnytta. Mannen er mellom anna tiltalt for seksuell omgang med barn under 16 år og for å ha vist seksuelt krenkande framferd.