Hopp til innhold

Slik såg fotballbana ut etter besøk av elsparkesykkel

Fleire fotballklubbar har opplevd å få opne sår og skader i kunstgrasdekket. No vil kommunen stenge elsparkesykkel ute frå fotballbanar – med GPS.

Hol i kunstgras

HOL: Køyring med elsparkesyklar lagde store hol i kunstgrasbana til Smørås IL i Bergen.

Foto: Privat

Elsparkesyklar har blitt eit vanleg syn i fleire storbyar i Noreg. Diskusjonen om både bruk og parkering har vore høglydt.

I Bergen gjekk kommunen rettens veg for å stogga selskapet Ryde sitt inntog i bygatene. No kan det sjå ut som dei er til bry for kommunen også på fotballbanene.

I fleire månadar har idrettsetaten i kommunen fått meldingar om personar som køyrer rundt med elsparkesyklar på kunstgrasbanene.

Køyringa har fleire stader laga store merker, skadar og opne sår i kunstgrasdekket.

«Dette vil både gå utover brukarane og deira tryggleik, og vil også kunne medføra store kostnader ved reparasjon eller eventuelt skifte av dekke», skriv etatsdirektør Torbjørn Iversen i eit skriv til fotballklubbane i Bergen.

Store hol i kunstgrasbana på Flaktveit skole.

STORE HOL: På fotballbanen ved Flaktveit skole i Bergem har elsparkesyklar laga store hol i matta.

Foto: Privat

Vil GPS-sperre elsparkesyklane

Der ber han alle om å følge ekstra godt med på eigne heimebaner og ta opp problemet med medlemmane i klubben.

– Eg trur det er barn og unge som ikkje skjønar kva skade dei påfører banene når dei gjer det. Det er veldig dyrt å fikse på skadane, seier driftssjef Per Fedje i kommunen.

Mange eig elsparkesyklar privat, men det finst også fleire ulike utleigeselskap. Driftssjefen seier dei har vore i kontakt med dei for å endre GPS-innstillingane.

– Målet er å sette elsparkesyklane ut av drift på kunstgrasbanane, seier Fedje.

Ifølge han er utleigeselskapa positive til å endre på GPS-innstillingane, men det vil ta noko tid.

Grønn elsparkesykkel kjører om natten.

TO HJUL: Elsparkesyklar er eit populært framkomstmiddel. Ifølge Bergen kommune blir dei også brukt til å «burne» på fotballbaner.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Tok opp problemet med medlemmane

Smørås idrettslag er av dei som har opplevd at fleire har «burna» med elsparkesykkel på kunstgrasbanen dei får bruke av kommunen.

Resultatet vart nettopp store, opne sår i grasmatta.

Leiar Thomas Natland seier problemet med villkøyring på grasmatta stoppa etter dei største skadane vart oppdaga i april i år.

– Me har ikkje hatt fleire hendingar etter at me gjekk ut med informasjon om kor stor skade dette faktisk kan gi, fortel Natland.

På Smørås vart skadane «reparert» ved å fylle hola med gummigranulat. Bana til Smørås er 16 år og skal snart skiftast ut.

For Sædalen IL førte råkøyring på to banar i sommar aldri til alvorlege skader. Fotball-leiar Trond Klever meiner det beste er at foreldre tek ansvar for at borna held elsparkesykkelen borte frå banen.

– Både foreldre og trenarar responderte godt på beskjeden om å ta ein prat med borna sine. Etter det har me ikkje hatt nokre tilfelle med elsparkesykkel på banen, seier Klever.

Merker etter elsparkesykkelkjøring på kunstgrasbanen som Sædalen IL brukar.

STORE MERKER: På kunstgrasbanen til Sædalen IL lagde køyring med elsparkesykkel fleire merker.

Foto: Privat