Hopp til innhold

Forsvarar ber om at naboen blir frifunnen i overgrepssaka

– Eg meiner han skal frifinnast, subsidiært at han blir sett på på mildast mogleg måte, sa forsvarar Kai-Inge Gavle då han heldt si prosedyre i Hordaland tingrett onsdag. I overgrepssaka er totalt fire personar frå same nabolag i ein kommune i Hordaland på tiltalebenken. Mannen i 30-åra som er kjend som «naboen» er tiltalt for grove overgrep mot sin eigen son og mot ei jente i nabofamilien. Også foreldra til jenta og storebroren hennar er tiltalte i saka. Dei er tiltalte for grove overgrep mot jenta og broren hennar. Alle barna var under ti år gamle då overgrepa mot dei starta.

Tysdag la aktor fram kva ho meiner er rett straff for dei tiltalte. Ho meiner naboen bør få 12 år i fengsel.

tegning fra rettsalen

Krev lovas strengaste straff for familiefar i incestsak: – Ekstremt grovt og altomfattande regime

Aktor skildra eit grovt familieregime der kontroll, indrejustis og overgrep har prega kvardagen. No krev ho lange straffer for far, mor, son og nabo.