Hopp til innhold

Kan gje blodoverføring i lufta for første gang

Som første i Norden kan luftambulansen i Bergen no gje pasientar blodoverføring på skadestad og i lufta på veg til sjukehus.

Luftambulanse

Luftambulansen kan som den første i Norden no gje blodoverføring til pasientar medan dei er i lufta eller på skadestad.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

Den nye ordninga er eit resultat av eit samarbeid mellom luftambulansen og Blodbanken ved Haukeland universitetssjukehus.

– Blodet vil garantert redde liv det neste året, seier lege på luftambulansen Geir A. Sunde til Bergens Tidende.

Les òg: Treng fleire innvandrarar til å gi blod

Les òg: Slik kan norske soldatar redda livet

– Kan utgjere ein stor forskjell

Legane på luftambulansen kan no gje betre og raskare hjelp til pasientar som har mista mykje blod.

I førre veke fekk luftambulansen på plass ein spesiallaga kjølebag der dei skal oppbevare det ferske blodet. Det er den same typen kjølebag som forsvaret brukar i fleire NATO-land. Blodet er av typen 0 negativ som ein i naudstilfeller kan gje til alle pasientar.

Kjøper seg betre tid

Den spesielle kjølebagen sørgjer for at blodet held seg mellom to og åtte grader. Kvar veke vert blodet skifta ut med heilt fersk blod.

– Pasientane får no behandling heilt ut til skadestaden. Ved hjelp av blodet kan me kjøpe oss tid, og det kan gjere at pasienten ikkje er døyande når han kjem inn til sjukehuset, seier Sunde.

Kvart år rykkjer luftambulansen i Bergen ut på 1100 oppdrag med helikopter. Legane reknar med at 20-40 av desse pasientane vil trenge blodoverføring. Blodet er eksklusiv vare, og berre dei som verkeleg treng det vil få overføring.

– Me må ha klare indikasjonar på at det er behov for det. Kvar einaste pose er viktig og skal ikkje sløsast med, seier Sunde.