Første hauststormen – har sendt ut 56 farevarsel

– Vi har sendt ut så mange farevarsel at vi nesten går i surr, skriv meteorologane på Twitter. Dei rår folk til å halde seg inne og ikkje dra ut i båt langs store deler av kysten.

Lokkøya i Bø.

TRYGGAST I HAMN: Onsdag er det venta høge bølgjer og sterk vind i Nordland. Kanskje blir det slik som her i 2016.

Foto: Jan-Helge Andersen

Lågtrykk vil setje sitt preg på veka i store deler av Noreg og Meteorologisk institutt har sendt ut fleire gule farevarsel.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel på sterke vindkast i store delar av Nord-Noreg. Her ventar dei vindkast på opp mot 30 m/s mange stader, og i Nord-Troms og Vest-Finnmark kan vindkasta lokalt verte enda kraftigare, opp mot 35 m/s.

No får vi den første hauststormen i Noreg, seier statsmeteorolog Håvard Thorset ved Meteorologisk institutt.

Laster Twitter-innhold

Natt til onsdag når eit hissig lågtrykk frå Island land. Vinden kan lokalt kome opp i ein styrke på 27–30 m/s i kasta i Salten, Ofoten og Lofoten.

Bølgjehøgda vil vere 7 til 8 meter frå Trøndelag til Lofoten. Då er det nok ikkje lurt å dra ut i småbåt, seier Thorset.

– Har du andre råd til folk langs kysten?

– Vis varsemd ved ferdsel i strandsona og på sjøen, og vurder tiltak for å avgrense skade.

Meteorologane ber folk om å sikre lause gjenstandar og sjekke fortøyingane til båtar og bryggjer.

Håvard Thorset

ÅTVARAR: Statsmeteorolog Håvard Thorset ved Meteorologisk institutt

Foto: Marita Andersen / NRK

Skal blåse liten storm

Det vil blåse langs heile kysten, verst vil det bli i nord.

– Langs kysten vil vinden vil vere sterkast frå Stad og nordover, der det vil blåse sørleg liten storm på onsdag formiddag, seier Thorset.

For Troms og Finnmark vil vinden vere på det sterkaste midt på dagen onsdag. Sørleg vind fører til store lokale forskjellar i kvar vinden merkast i dette området, og fleire stader kan dermed unngå dei sterkaste vindkasta.

Onsdag ettermiddag og kveld vil vinden roe seg i Nord-Noreg, medan den torsdag vil ta seg opp lengre sør i landet. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel om sterke vindkast også i Agder, Rogaland og i Sunnhordaland.

Det er eit nytt lågtrykk som kjem inn mot dei sørlegaste delane av landet på torsdag forklarar meteorologen.

Aksel Joranger i Vesterålen.

FLATT HAV: Det var bortimot flatt hav å sjå frå Trehyrna i Bø i Vesterålen laurdag. Onsdag er det venta høge bølgjer og sterk vind i Nordland.

Foto: Marie Havnen

Indian summer i Telemark

Samstundes som deler av Noreg vil få den første hauststormen, kan dei glede seg over framleis sommar i andre deler. I Telemark og Vestfold kan det på stader som Skien, Porsgrunn, Kragerø og Notodden verte dagtemperaturar på 20 til 21 grader.

– Det er ganske store kontrastar. Det er litt spesielt. Men av og til kan vi få det vi kallar «indian summer». Det vil seie at vi får unormal varme i ein periode der vi eigentleg skulle hatt kjøligare vêr, som i haustmånadene, forklarar statsmeteorolog Iselin Skjervagen.

Men ifølgje meteorologen kan vi snart sjå langt etter sommardagane i år.

– Det er haust no, og lågtrykka kjem på rekke og rad. Framover vert det nok meir vêr enn vi har vore vane med i det siste, seier ho.

Blindtarmen i Kragerø

INDIAN SUMMER: Kragerø i Telemark kan vente seg temperaturar på over 20 grader på onsdag.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK