- Vi har vore kjende med desse tala ei stund. Eg ser på det som alvorleg, og i dei to åra eg har vore leiar i samferdsleutvalet har vi ikkje bidratt til å betre situasjonen, seier Liv Henjum.
Arkivfoto: Heidi Lise Bakke, NRK.
Konkurrerer med skule og kultur
Riksvegane i fylket har lenge hatt fokus for dårleg vedlikehald, og alle peikar då på Stortinget og manglande løyvingar. Men for fylkesvegane er situasjonen annleis. Her må fylkespolitikarane prioritere innanfor dei rammene dei har, og vegar må konkurrere med skule, kultur og andre gode tiltak.
- Trugar busetnaden
Og vegvedlikehaldet har vorte så nedprioritert at det trugar busetnaden mange stader, hevdar Naustdal-ordførar Jan Herstad. - Vegstandarden er så dårleg at dei som bur ute i utkantane i min eigen kommune, til dømes i Naustedalen, og som ikkje er stadbundne ved at dei driv gard, kjem med signal om at dei vurderer å flytte herifrå.
- Ikkje nok fokus
- Det har nok ikkje vore nok fokus på denne sektoren dei siste åra. No må vi som er samferdslepolitikarar i Sogn og Fjordane syte for å sette søkelyset på dette problemet igjen, seier Liv Henjum.
Jan Herstad. Arkivfoto NRK
- Privatbilen avgjerande for busetnaden
- Då må de ta utgangspunkt i fylkesplanen, der det er sett som mål at det skal bu folk over heile fylket. Det krev at folk ser det som formålstenleg å bruke privatbilen, som er vårt viktigaste framkomstmiddel. Det er privatbilen som gjer at vi kan bu som vi gjer i Sogn og Fjordane, og når vegstandarden er slik at den faktisk motverkar at folk buset seg i utkantane, så er det svært negativt for store deler av fylket, seier ordførar Jan Herstad i Naustdal.