Hopp til innhold

Forsking: Noreg gjer flyktningar til passive mottakarar

Noreg sviktar på å utnytte flyktningar som ressurs, ifølgje internasjonalt forskingsprosjekt: – Dei har individuelle kvalitetar, ønsker og draumar, seier forskar.

Ukrainske flyktningar på veg over grensa frå heimlandet

PÅ VEG: Mange ukrainske flyktningar er på veg mot Noreg, men få er i jobb.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Flyktningar i Noreg får det dei treng av materielle verdiar. Men det er vanskeleg for dei å bidra i samfunnet med sine talent og interesser.

Det er konklusjonen til Nora Wiium, førsteamanuensis ved psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Ho har intervjua mange som har kome til Noreg som flyktningar. Dei fortel at det er vanskeleg å få seg jobb eller dyrke sine interesser.

Liknande undersøkingar er gjort i land over heile verda. Wiium peiker på europeiske land som Italia og Tyrkia som ein kontrast til Noreg.

Der er hovudfokus kva flyktningar kan bidra med.

Nora Wiium, førsteamanuensis ved UiB
– I Noreg ser vi først og fremst på flyktningar som ei sårbar gruppe som treng hjelp. Resultatet er at vi skaper passive mottakarar og utanforskap.

Møter det norske byråkratiet

Det er ikkje så mange veker sidan Christina Burenko flykta frå flyalarmane i Kyiv, hovudstaden i Ukraina.

Christina Burenko, flyktning frå Kyiv
– Eg vil jo gjerne få jobbe her i Noreg og! Det vert tungt her om eg ikkje får det.

Ho har allereie erfart at det kan vere komplisert å bidra her.

– På mottakshotellet spurde politiet om eg kunne hjelpe dei å tolke. Men så vart dei minna på at dei ikkje hadde lov til å sette meg i arbeid utan at dei rette papira. Sidan har eg ikkje høyrt noko.

Burenko snakkar både ukrainsk, russisk og engelsk, og håper å kunne jobbe som danselærar i Noreg.

– Det trengst ei mentalitetsendring

Organisasjonar som arbeider med flyktningar er ikkje overraska over konklusjonane i forskinga.

Fargespill er ein kulturaktør som inviterer folk frå ulike kulturar til å bidra på sin måte.

– Er det noko folk som har mista mykje treng er det at nokon ser at dei framleis har mykje å gje.

Fargespill setter opp forestillinger på flyktningers premisser

STØTTA FLYKTNINGAR: Fargespill sette opp konsert til støtte for flyktningar frå Ukraina i førre veke.

Foto: FARGESPILL

Det seier Ole Hamre, kunstnarisk leiar for Fargespill.

– Det ligg som ein ryggmergsrefleks hos nordmenn at dei som kjem hit treng hjelp, og ikkje kan hjelpe oss. Det trengst ein mentalitetsendring.

Han meiner Noreg går glipp av masse ressursar.

Fargespill har allereie sett opp førestillingar med ukrainske flyktningar.

Jobbar for raskare prosess

Òg dei som jobbar med å få flyktningar inn i arbeidslivet meiner systemet må forandrast.

Bergen Næringsråd seier at næringslivet har god bruk for arbeidskraft og ekspertise frå ukrainarar i Noreg.

Næringspolitisk rådgjevar Iver Neptali Belle-Ramos meiner det må på plass eit nytt system til denne flyktningsituasjonen.

– Problemet er at det har vore eit langvarig program for å gjere flyktningar klare for eit liv i Noreg.

Han meiner det er derfor det har teke to år frå flyktningar vert busette til dei er klare for arbeidslivet.

– Dette må kortast ned betydeleg.

Belle-Ramos seier mange verksemder er klare til å tilsette flyktningar frå Ukraina, men at ingen førebels har fått arbeidsløyve.

Les også Nå er ukrainske Kateryna (25) sine norskkunnskapar gull verdt

Kateryna Yevseiehyk

Noreg betre enn mange andre land

Likevel er det betre for flyktningar å kome til Noreg enn til mange andre land som er med i forskingsprosjektet.

Nora Wiium trur det vil vere mykje å hente på å legge til rette for at flyktningane kan bidra meir.

– Noreg må lære at flyktningar ikkje er ei einsarta gruppe. Dei har individuelle kvalitetar, ønsker og draumar.

– Både samfunnet og flyktningane vil tene på at dei får brukt sine talent og utdanningar på ein heilt anna måte enn det er tilrettelagt for i dag.