Tidlegare bandkollega og musikkprodusent Rune Lindbæk skulda Röyksopp for plagiat. Lindbæk meiner at dei tidlegare samarbeidsparnatarene Svein Berge og Torbjørn Brundland plagierte hans arbeid i låta «A Higher Place» frå Røyksopp si debutplate «Melody AM». På 2000-talet gjorde albumet stor internasjonal suksess.
Den årelange stridsøksa er no gravlagt. Det var Dagbladet som først omtala saka.
Harald Bjelke jr., advokaten til popduen, seier til NRK at det er gledeleg at partane endeleg har kome til einighet.
Tapte i tingretten
I mars i år tapte Lindbæk i Bergen tingrett. Lindbæk kravde oppreising og opphavsrett for Røyksopp-låten. Etter ei veke i retten med forklaringar frå ei rekkje vitne, slo tingretten fast at Lindbæk ikkje var opphavsmann til låtane.
Lindbæk vart dømd til å betale 788.000 kroner i sakskostnader, men Lindbæk valte å anke dommen. 5. og 6. februar skulle dei to partane på ny møte i retten, men i staden tok saka ein ny veg.
Inngår samarbeid
Etter at ei årelang strid er gravlagt er kanskje det mest overraskande at dei to partane no har valt å samarbeide om remixar av kvarandres musikk.
– Samarbeidet har ikkje kome langt endå, men det blir laga meir konkrete planar i nær framtid. Dei er veldig letta over at striden er over og at dei snakkar saman igjen, fortel Bjelke.
– For å bruke ein lokal Tromsø-analogi, vi har stått på kvar vår side av sundet, men vi har no kome kvarandre nærare i møte midt på Tromsøbrua. Det sa dei to partane i ei pressemelding.
Ingen av partane sine advokatar vil kommentere detaljar rundt forliket, men i pressemeldinga sa dei dette om samarbeidet:
– Etter er ein positiv måte å gå ut av noko som vi alle har opplevd tungt. Vi er no einige om å fokusere på framtida, der musikken skal stå i sentrum for kva vi gjer.