Så seint som i mars i år vart Svein Berge og Torbjørn Brundtland (Røyksopp) frifunne i Bergen tingrett. Likevel, den årelange kampen om opphavsrettar held fram.
Tidlegare bandkollega Rune Lindbæk anka saka mot duoen. No er tvistebehandlinga fastsett for Oslo tingrett i februar skriv Bergensavisen.
- LES OGSÅ:
Skuldar Røyksopp for plagiat
Lindbæk held fast ved at hans tidlegare samarbeidspartnar har plagiert hans arbeid i låten «A Higher Place» frå Røyksopp si debutplate «Melody AM». Albumet gjorde stor internasjonal suksess på 1990-talet.
Lindbæk hevdar at låten har store likskapstrekk med låten «Drift», gitt ut av det Tromsø-baserte bandet «Drum Island». Bandet bestod av nettopp Lindbæk, Ole Johan Mjøs og Røyksopps Torbjørn Brundtland.
- LES OGSÅ:
Tapte i Bergen
I Bergen tingrett kravde Lindbæk oppreising og opphavsrett for Røyksopp-låten. Etter ei veke i retten med forklaringar frå ei rekkje vitne – og grundig gjennomspeling av dei to låtane, slo tingretten fast at Lindbæk ikkje var opphavsmann til Røyksopp sine tonar.
Lindbæk tapte saka og vart dømd til å betale 788.000 kroner i sakskostnader. 5. og 6. februar skal møtest partane på ny i retten.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
Går til sak også for ærekrenking
Rune Lindbæk har, som NRK.no tidlegare har fortalt, også saksøkt Røyksopp for ærekrenkingar.
- LES OGSÅ:
Krenkingane DJ og produsent Lindbæk meiner han er utsett for, skal komme frå eit 45 sider langt skriv som Röyksopp publiserte på nettsida royksoppsvarer.com i november 2011.
Lindbæk krev 130.000 kroner i oppreisning.