Hopp til innhold

Foreldre arrestert etter barnedødsfall i Bergen

BERGEN TINGRETT (NRK): Ein far og ei mor er arresterte og sikta for aktlaust drap på den to år gamle sonen sin. Begge nektar straffskuld.

Beate Hamre i retten

NEKTAR STRAFFSKULD: Beate Hamre på veg inn i tingretten. Ho seier faren nektar straffskuld.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ifølge Bergens Tidende har fengslingane av dei to personane samanheng med at eit barn på to år er funne død. Dei blir framstilt for fengsling i Bergen tingrett seinare i dag.

Det første fengslingsmøtet for more til den døde toåringen startar klokka 12.45. Klokka 14.15 startar fengslinga til faren.

NRK trefte Beate Hamre, forsvarar for faren i 20-åra, før fengslinga.

– Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje seia så mykje på noverande tidspunkt. Det er ein far som er knust av sorg etter å ha mista sonen, og han erkjenner i det heile ingen straffskuld, seier ho til NRK.

Anders Johnsen i tingretten

FORSVARAR: Anders Johnsen er forsvarar for mora i 20-åra som vert framstilt for fengsling.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Toåring fekk i seg medisinar

Dei to står sikta for aktlaust drap, etter det som skal vere eit dødsfall etter forgifting. Siktinga tydar at politiet meiner den straffbare handlinga ikkje har skjedd med vilje.

Ifølge Bergensavisen har barnet fått i seg tunge, reseptbundne medisinar. Dei to, som er foreldre til toåringen, er sikta for ikkje å ha hatt medisinane trygt oppbevart.

Det skal vere snakk om Subutex-tablettar. Slike medikament brukast i LAR, eller legemiddelassistert rehabilitering.

I Bergen tingrett vil ikkje politiadvokat Eli Valheim seia noko før det første av to fengslingsmøte startar.

Heller ikkje forsvararen til den eine av dei sikta vil uttala seg.

Eit titals journalistar har møtt opp i tingretten. Fengslingsmøtet vart noko forseinka, og kom ikkje i gang før litt over klokka 13.00.

Eli Valheim i tingretten

TAUS: Politiadvokat Eli Valheim på veg inn i fengslingsmøte. Ho ville ikkje snakke med NRK før fengslinga.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kvinne på gråten bak lukka dører

Anne Horn er tingrettsdommar og bad om lukka dører i fengslingsmøtet. Politiet ønskjer ikkje at detaljar skal lekka ut sidan saka framleis er under etterforsking. Pressen blei kasta på dør etter kort tid.

Kvinna som møtte i fengslingsmøtet var på gråten og tydeleg prega, men roleg.

– Eg har ikkje fått dokument i saka enno og vil ikkje kommentera noko, seier advokat Anders Johnsen som er ein av forsvararane.

BT skriv at dei som blir framstilt for fengsling er ein mann og ei kvinne. Begge er i 20-åra.