Oksar frå fjøs i Sogn og Fjordane vert fast food-føde. På måndag denne veka var representantar frå McDonald's ved Gilde sitt anlegg i Førde. Etter ni timars kontroll, vart det klart at hamburgarkjeda godkjenner anlegget, fortel driftssjef ved Gilde Vest i Førde Jakob Sætre.
Heider og ære
Kontrakten med McDonald's inneber heider og ære for råvareleverandøren i Førde. Men den er også viktig for arbeidsplassane ved anlegget, sjølv om det enno ikkje er klart kor mykje kontrakten er verdt i kroner og øre.
Så neste gong ein tar ein jafs av ein BigMac-meny ute i den store verda, kan denne innehalde ein smak av Sogn og Fjordane.