Hopp til innhold

Førdefjorden: Arbeidstilsynet stoggar arbeid etter varsel om asbest

Arbeidstilsynet har mellombels stogga rivingsarbeidet på det omstridde gruveprosjektet ved Førdefjorden. Og Naturvernforbundet har politimeld gruveselskapet.

Vevring

RIVING AV LØE: Dei asbesthaldige eternittplatene på løetaket fekk naturvernforbundet til å sende uromelding til Arbeidstilsynet då bygningen vart lagt flat.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fredag fekk Arbeidstilsynet ei uromelding i samband med rivingsarbeidet på tomta som skal huse bygningar til gruveselskapet på Engebø ved Vevring.

Seniorinspektør Oddvar Mikalsen rykka ut og stogga rivingsarbeidet umiddelbart. Dei hadde ikkje fått beskjed om at ein garasje og ein låve med asbestplater skulle rivast.

Asbest er eit kreftframkallande stoff som tidlegare vart mykje brukt som bygningsmateriale.

– Jobben var ikkje meldt inn til oss. Det var heller ikkje merka på staden. Det skal vere tydeleg merking når det vert jobba med asbest. Eg kunne heller ikkje sjå at arbeidarane hadde verneklede og utstyr som maske og hette, seier seniorinspektøren.

Ser alvorleg på saka

Arbeidstilsynet ser alvorleg på hendinga. Rivinga føregjekk like ved fylkesvegen der både bygdefolket og aksjonistane ferdast. Rundt 30 aksjonistar oppheld seg no i området for å demonstrere mot dumping av gruveavfall i fjorden.

– Det er klare brot på forskrifter. Vi ser alvorleg på det, og vi stogga arbeidet. Det er strenge reglar for korleis helseskadeleg asbest skal handterast, seier Mikalsen.

Arbeidstilsynet ventar no på dokumentasjon frå Entreprenørservice og svar på kva for tiltak dei vil innføre for å sikre forsvarleg arbeid. Dette er dei lova mot slutten av veka.

– Vi vil då vurdere om rivingsarbeidet kan halde fram, seier seksjonsleiar Marita Scott i Arbeidstilsynet.

Vevring

JAMNA MED JORDA: Rivingsarbeidet vart stogga umiddelbart, men då var det meste av løa alt riven.

Foto: Anne-Line Thingnes Førsund

Entreprenøren: – Har ikkje gjort noko ulovleg

Dagleg leiar Thomas Østerbø i Entreprenørservice vil ikkje late seg intervjue av NRK, og viser til svaret han har gitt lokalavisa Firda. Her seier han at han ikkje kjenner seg att i framstillinga. Han avviser skuldingane om lovbrot og at asbesten er handtert på ulovleg og uforsvarleg vis.

– Nokre av bygningane er såpass gamle og usikre at det blei i ei heilskapsvurdering vurdert som for risikabelt å fjerne eternittplatene før ein la bygninga flat. Vi har fått stadfesting på at metodikken har blitt diskutert med Arbeidstilsynet på førehand og at alle gjeldande regelverk er følgde.

Østerbø seier dei har løyve til å rive, men at oppryddinga av sjølve astbestmaterialet vil verte utført av ei godkjent spesialfirma.

Jørund Nygård

POLITIMELDER: Fylkessekretær Jørund Nygård i Naturvernforbundet.

Foto: PRIVAT

Gruveselskapet politimeld

Dei siste vekene har fleire demonstrantar blitt arresterte etter at dei har lenka seg fast til gravemaskinene i protest mot gruveplanane. Demonstrantane var ikkje inne på området der bygningane vert rivne, men fleire stod på fylkesvegen for å følgje med.

Vi sto midt i støvskya, men hadde ikkje i vår villaste fantasi trudd at det var asbest, seier Jørund Nygård.

Han er fylkessekretær i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og var tilskodar då garasjen vart riven.

No ha forbundet meldt gruveselskapet til politiet.

– Det var svært ubehageleg då eg seinare på kvelden fekk vite med lokalbefolkninga at dette var bygningar med eternittplater som inneheldt asbest. Det var ikkje opplyst nokon stad.

Gruveselskapet: Ventar på svar

Driftsdirektør i Nordic Mining, Kennet Nakken Angedal, seier dei har dialog med entreprenøren, og at dei har bede om ei tilbakemelding.

– Vi ventar på denne og endeleg svar frå Arbeidstilsynet, seier han til NRK.

Kenneth Nakken Angedal, prosjektleiar i Nordic Mining.

VENTAR: Driftsdirektør Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK