Hopp til innhold

Botnlag sette ein stoppar for sigersrekkja

FØRDE – STORD: 1-1: Heimelaget fekk seg eit slag i trynet då keeper Fredrik Hanssen måtte hente ballen ut av eige nett omtrent midt i førsteomgang. Ein skuffa Førde-trenar måtte til slutt ta til takke med eitt poeng.

Keeper Fredrik Hanssen ser ballen gå i mål bak seg etter sjølv å ha gitt Stord straffe

STRAFFE: Det var ein tydeleg oppgitt keeper Fredrik Hanssen som såg ballen gå i nettmaskene på straffe. Han var sjølv skuld i straffa etter at ein Stord-spelar gjekk i bakken framfor mål.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

– Vi har gjort det veldig bra i det siste, og hadde håp om å ta ein ny trepoengar. Det gjekk ikkje i dag, men eg må seie at det var veldig viktig at vi fekk med oss eitt poeng, seier Førde-trenar Bjørn Totland.

Vel 500 supporterar hadde møtt opp for å få med seg 3. divisjonsoppgjeret mellom Førde og Stord på Førde stadion.

Med tre sigrar på rad har Førde kara seg ut av den verste nedrykksdumpa, men det er tett i botnen og mykje stod på spel for begge lag.

– Vi viste oss ikkje frå vår beste side

Førde-trenar Bjørn Totland

SKUFFA: Førde-trenar Bjørn Totland hadde håp om nye tre poeng mot Stord, men måtte til slutt ta til takke med eitt poeng.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Totland såg laget sitt få ein god start på kampen, men den siste halvtimen av førsteomgang dabba ting av. Stord utnytta ein feil i forsvarsrekkja og kom åleine med keeper, der Førde fekk straffe imot seg etter at Stord-angriparen gjekk i bakken.

– Det er alltid kjedeleg å sleppe inn mål imot så tidleg, men eg hadde trua på at vi skulle klare å kome tilbake.

Etter pause vart det futt i heimelaget igjen, og spelarane kasta seg om halsen på kvarandre då Vegard Savland fekk utlikna for Førde.

Totland meiner laget produserte mange sjansar, som dei ikkje klarte å utnytte.

– Men eigentleg gjer gutane mykje bra i store delar av kampen.

Førde-spelarane jublar etter 1-1 målet mot Stord

UTLIKNA: Vegard Savland utlikna for Førde i andre omgang. Her kastar lagkameratane på Førde seg over kvarandre etter skåringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Har blitt betre og betre

Førde har hatt ein tøff og ujamn sesong, men mange snakkar no om eit lag som viser nye takter. Dei tre siste kampane har det altså blitt tre sigrar, og inkludert i dag står laget med ti poeng på fire kampar.

– Vi har blitt betre og betre, konstaterer Førde-trenaren.

Det står att åtte kampar av sesongen. Lysekloster og Fyllingsdalen, begge lag heilt i toppen av tabellen, står for tur i dei neste to kampane.

– I alle kampane vi skal spele framover er det gode moglegheiter for siger og tre poeng.

Fjøra vann i ettermiddag 4–2 mot Sotra i same avdeling i 3. divisjon, og sikra med det tre nye poeng. Etter kampane i dag ligg Fjøra på den skumle 12.-plassen med 16 poeng, medan Førde ligg på ein tiandeplass på tabellen med 20 poeng.

Laster innhold, vennligst vent..