Hopp til innhold

Forbod mot blyhagl splittar: – Eit steg tilbake

Glede og sinne etter at det heretter er forbode å bruke blyhagl som ammunisjon på jakt.

Vinterjakt

NEI TIL BLY: Jegerar må ta i bruk annan ammunisjon når det no er innført forbod mot blyhagl.

Foto: Tor Einar Ødegård Bjørk

– For human jakt er det eit lite steg tilbake. Vår erfaring er at bly er den mest effektive måten å avlive på, seier Tor Einar Ødegård Bjørk.

Han er jeger og med i styret i Luster jakt og fiskelag.

Frå 15. februar vart det forbode med blyhagl på jakt i og ved våtmark.

EU-reglane, som også gjeld EØS-landet Noreg, betyr i praksis at jegerar må bruke annan ammunisjon i så godt som alle jaktsituasjonar, ifølgje Miljødirektoratet.

Bly er tungt, og har høg kraft når det treff viltet. Det gjer bly veldig effektivt i jakt, seier Bjørk.

Han viser til at bly dessutan er mjukt og minskar sjansen for rikosjett frå haglesvermen.

– Det finst brukbare alternativ, men dei er ikkje like gode, seier Bjørk.

Blyammunisjon

Det er slike blypatroner som no er forbodne

Foto: Anders Fehn / NRK

– På høg tid

Det førre forbodet mot bruk av blyhagl ved jakt i norske våtmarksområde, blei innført i 1991, men oppheva igjen i 2015.

Fram til no har jegerar kunna bruke blyhagl på kring 30 artar av fuglar og pattedyr, skriv Dagsavisen.

Det nye forbodet gjeld i og nær våtmark, uansett kva art du jaktar på.

– Sidan det er vanskeleg å vere sikker på om du er meir enn 100 meter frå våtmark til kvar tid, betyr forbodet at jegerar normalt ikkje kan bruke blyhagl på jakt i skog og fjell heller, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Ifølgje det europeiske kjemikaliebyrået ECHA fører jakt til store mengder blyutslepp både i og utanfor våtmark i EU.

Naturvernforbundet jublar over endringa og kallar det «ein stor miljøsiger».

– Bly i bensin har vore forbode i snart 30 år. Det er på høg tid å gjere det forbode også i jaktammunisjon, seier leiar Truls Gulowsen.

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

Truls Gulowsen seier blyammunisjon er ein versting sett opp imot alternativa. Han håpar forbodet blir respektert.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen

Hadde ønskt å fortsetje

I Norges Jeger- og Fiskeforbund er ikkje jubelen like stor.

Vi har ønskt å fortsetje å bruke bly i skogen og på fjellet der det ikkje er miljøutfordringar ved å bruke blyhagl, seier fagrådsgjevar Vidar Nilsen.

Han reknar forbodet som nærast eit totalforbod, sidan EU-definisjonen av våtmark er så vid som den er.

Når jegerane no i praksis ikkje kan bruke bly, er alternativet andre materialar som stål, vismut eller wolfram.

– Restriksjonen gjeld i EU og EØS, og Noreg kan ikkje unndra seg det. Det må vi akseptere, og gjere så godt vi kan innanfor rammene som er gitt.

Les også Blytunge lovbrudd på norske skytebaner

Leirdueskyting