Hopp til innhold

Forbipasserande oppdaga hus i brann i Selje

Folk som køyrde forbi huset i bil oppdaga like før klokka 23.30 onsdag kveld at eit hus på Leikanger i Selje stod i brann. Til alt hell var ingen personar heime.

Leikanger i Selje

– Vi fekk melding frå forbipasserande som såg masse røyk. Då dei stoppa såg det at det var mykje eld rundt huset, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Meldinga om brannen kom klokka 23.29. Då brannvesenet var på staden ti minutt seinare konstaterte dei at brann kraftig oppetter eine veggen og at det var kraftig røykutvikling. Også politi og ambulanse vart sende til staden.

Naboar av dei som budde i huset kom også raskt til. Det same gjorde slektningar av familien i huset. Slik fekk politiet og brannvesenet raskt stadfesta at dei som budde der ikkje var heime.

– Først gjekk vi ut med at det kunne vere folk i huset, men det var ikkje nokon teikn til det. Det var ingen bilar rundt huset, og det var mørkt. Vi fekk bekrefta av naboar som kom på plassen at dei hadde vore i kontakt med huseigar, og politiet fekk også snakka med eigarane. Klokka 23.52 fekk vi stadfesta av huseigar at dei ikkje kjente til at det skulle vere nokon i huset.

Brannen spreidde seg til store delar av huset, og brannvesenet på staden melde ein time etter at brannen vart meld at dei hadde kontroll. To timar etter at brannen vart meldt brann det framleis, seier Rysjedal som fortel at mesteparten av mannskapet reiste frå staden like før klokka 03.

– Det vart att to mann, som framleis er der. Dei driv med litt ettersløkking, seier Rysjedal til NRK.no klokka 05.10.

Huset er totalskadd. Kor i huset brannen har starta, eller kva som er årsaka, er førebels ikkje kjent. Branntomta er framleis for varm til at det kan gjerast undersøkingar av politiet sine krimteknikarar.

– Det blir tidlegast gjort undersøkingar på staden i morgon, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt i Florø.