Hopp til innhold

Hans er ein av dei siste som held denne jule­tradisjonen i live

Dekorasjonar av kristtorn vart produsert i titusenvis langs heile vestlandskysten. Men ein etter ein har produsentane forsvunne, og salet har stupt.

Kristtorn Stord

Hans Langeland frå Stord har drive med produksjon av kristtorn i fleire tiår. Men han er snart den einaste igjen.

Foto: Olav Røli

Grøne og stikkande blad, med raude bær.

Perfekte i dekorasjonar, som dørpynt, eller til anna julebruk.

Det einaste eviggrøne lauvtreet i Noreg, kristtorn, har i mange tiår vore ein ettertrakta salsvare for hagesenter og på julemarknader over heile Noreg.

– Om du ser britiske seriar eller filmar om jula så dukkar det nesten alltid opp ein kristtorn, seier Hans Langeland frå Stord.

Langeland, kristtorn

Kristtorn må ha raude bær for å vera attraktiv som juledekorasjon.

Foto: Olav Røli

Sentral plass i «Love Actually»

I julefilmen over alle julefilmar, «Love Actually» frå 2003, spelar kristtorn ei hovudrolle.

Det skjer i den legendariske scenen der ekspeditøren Rufus (Rowan Atkinson) etter mykje om og men pakkar inn ei gåve til Harry (Alan Rickman).

Rufus - Love Actually

Hugsar du kva som skjedde då Rufus (Rowan Atkinson) drog fram ein kristtorn-kvast for å pynta julegåva med i filmen Love Actually.

Foto: Universal/Courtesy Everett Coll

Gåva vert til slutta toppa med «a sprig of holly», eller ein liten kristtornkvast.

Då renner det over for karakteren Harry som gir klar beskjed på engelsk: «Ingen forbanna kristtorn».

Tradisjonen med å pynta med kristtorn er eldgammal, spesielt på dei britiske øyer.

Også i Noreg har dekorasjonar med kristtorn lange tradisjonar.

– Det er jo ein fantastisk fin dekorasjon, meiner Langeland.

– Folk vil ikkje risikera livet i trea

Men no har noko skjedd med tradisjonen.

Over heile Sørvestlandet stod produsentane tidlegare i kø for å levera bukettar og kransar til kundane.

Berre i kommunen Stord var det over 15 produsentar. Kristtorn vart sendt til både Bergen og Austlandet i store kvanta.

No er det berre Hans Langeland igjen. I toppåra produserte han fleire tusen bukettar og kransar, men i år har det berre vore eit par hundre.

Noko går til julemarknaden i Bergen, medan nokon går til naboen som også sel juletre.

– Sånn er utviklinga. Folk har gode jobbar og orkar ikkje å stå i eit tre med livet som innsats for å få tak i kristtorn, meiner han.

Kristtorn Bergen

Kirsten Eggen er innom julemarknaden i Bergen. For ho vert det ikkje jul utan kristtorn.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Stor nedgang

Gunnar Helle Berge på Nedstrand i Rogaland minnast ei tid der bøndene i området klypte kristtorn i store kvanta og leverte til grossist i Haugesund.

Derifrå gjekk det til heile Noreg, frå sør til nord. Dei mange produsentane var organiserte i eiga pyntegrøntlag.

No er alt historie.

– Problemet er nok samansett. Men mange av dei gamle slutta, og nye kom ikkje til. Det er synd. Kristtorn var ei god attåtnæring for mange bønder, seier Berge.

Kristtorn Bergen

Juletreseljar Terje Mjøs sel kristtorn frå Stord. Han held på lokal kristtorn frå Vestlandet, og vil ikkje importera.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Salet er i fritt fal

Egil Bryn i Blomsterringen Engros på Sandnes var tidlegare med og handterte store mengder kristtorn.

– På 80-talet var det sånn at me måtte ha kristtorn til jul. No er kristtornsalet i fritt fall, diverre. Kanskje det er litt marknad på Austlandet, men på Sørvestlandet er det nesten vekke, seier han.

Bryn meiner at dårleg organisering blant produsentane kan vera årsak til fallet.

Samstundes er det ein vare som er usikker. Nokre år er det bær, andre ikkje.

Utan raude bær er ikkje produktet attraktivt.

Kjeda Mestergrønn skriv i ein e-post til NRK at salet av kristtorn går ned, men at dei prøver å snu trenden.

Fekk kristtorn på kumlokka

I kommunen Stord i Vestland stod kristtorn så sterkt at det vart kristtorn i kommunevåpenet i 1987.

Sidan den gong har kristtorn pryda alt frå rådhus, kommunale brevark, til kumlokk.

Kumlokk, Stord

I denne kommunen har til og med kumlokka fått på seg kristtorn.

Foto: Olav Røli / NRK

– Kristtorn er det jo mykje av i heile Sunnhordland og på Vestlandet. Og då kommunen måtte ha nytt kommunevåpen, var me raskt ute og sikra oss kristtorn. Han er jo så vakker, seier Inger Johanne Moe (Ap), som lanserte kristtorn-ideen.

At mange produsentar no har gitt seg tykkjer ho er trist. Samstundes har ho tru på framtida.

– Eg håpar tradisjonen kan ta seg opp igjen, rett og slett. At me kan snakka det opp igjen, seier ho.

Kristtorn Inger Johanne

Inger Johanne Moe ville ha eit feminint symbol frå naturen då ho lanserte kristtorn i Stord sitt kommunevåpen i 1986.

Foto: Olav Røli

Kristtornbonden Hans Langeland er også optimistisk.

– Alt går i bølgjer. Og plutseleg er dette like attraktivt som det var for 15–20 år sidan, seier han.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.