Hopp til innhold

Før kunne dei vassa i jobbtilbod - no aukar arbeidsløysa

For fyrste gong på 20 år vert det arrangert jobbsøkjarkurs for ingeniørar på Vestlandet. Nedbemanninga i oljebransjen har ført til hard kamp om jobbane.

Ingeniørstudenter

PLAN B: Tidlegare har ingeniørstudentane som oftast fått tilbod om fleire jobbar før dei er ferdig med studiet. - No er det mange som har ein plan B, seier prosessingeniør Safina de Klerk og Subseaingeniør Markus Fossdal.

Foto: Siri Løken / NRK

Nyutdanna ingeniørar har fått ein tøffare kvardag. Nedbemanninga i oljebransjen har endra arbeidsmarknaden.

– Vi tenkte at dette var ein sikker veg å gå og at vi ville få jobb, seier sisteårsstudentane ved ingeniørstudiet i Bergen, Safina de Klerk og Markus Fossdal.

Stian Nyhus

ARRANGERER JOBBSØKARKURS: Ingeniørar vart for eit par år sidan henta til godt betalte stillingar i oljenæringa, men på kort tid har det endra seg.

Foto: Siri Løken / NRK

Tidlegare har ingeniørstudentane som oftast fått tilbod om fleire jobbar før dei er ferdig med studiet. I år har ingen av avgangsstudentane i Bergen fått jobbtilbod.

– Foreløpig er det ingen som har fått tilbod om jobb. Likevel var det jo det vi vart lova og det var den første beskjeden vi fekk då vi byrja på høgskulen, seier de Klerk.

– Heilt utenkeleg

Prosessingeniørar, som de Klerk, vart for eit par år sidan henta til godt betalte stillingar i oljenæringa, men på kort tid har det endra seg.

– Det var mange som ikkje var førebudd på at dette skulle skje. For eit år sidan var dette heilt utenkeleg, seier Stian Nyhus, regionsjef i ingeniøranes fagorganisasjon NITO.

For første gong på 20 år arrangerer dei jobbsøkjarkurs for ingeniørar på Vestlandet. Arbeidstakarar som har mista jobben i oljebransjen stiller først i køen til ledige jobbar. Difor vert dei nyutdanna dytta lenger bak i køen.

– Vi har enorm stor pågang på søkjarar i dag, seier Morten Leikvoll er dagleg leder i konsulentselskapet Head Energy.

Dei leverer tenester til ulike oljerelaterte selskap. Medan dei før måtte ut og headhunte folk, strøymer i dag søknadene inn frå arbeidsledige ingeniørar.

Anne Kveneland Bogsnes

FRAMLEIS BEHOV: Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes seier at det framleis er jobbar til ingeniørar, men andre stadar enn i oljebransjen.

Foto: Siri Løken / NRK

– Vi får mellom 50 til 100 søkjarar på kvar einaste stilling vi har ute i dag, seier Leikvoll.

Ein plan B

Men sjølv om nyutdanna no møter ei annan røynd enn for eitt år sidan: arbeidsløysa blant norske ingeniørar er stigande, men vert framleis rekna som låg.

For i kommunar og statlege verksemder er det framleis behov for ingeniørar.

– Det er framleis jobbar til ingeniørar andre stadar enn i oljebransjen, seier fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

For Safina de Klerk blir det kanskje løysinga.

– No er det mange som har funnen ein plan B, og eg kjem til å sjå på stillingar i offentleg sektor, seier ho.