Hopp til innhold

Folk strøymer til passkontora

SOGNDAL/NORDFJORDEID (NRK): Innstramming i krava til legitimasjon i bankane og nedlegging av fleire passkontor gjer at tilsette i passtenesta har travle dagar.

passmaskin Kjellaug Stensli og Jorunn Sjøtun

TRAVLE DAGAR: Kjellaug Stensli og Jorunn Sjøtun ved Sogndal lensmannskontor hjelper dei som skal ha nytt pass.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Samtidig som mange bankar strammar inn på praksisen rundt legitimasjon, er mange passkontor i landet no inne i sine siste dagar. Det merkast på mange passkontor rundt om.

– Vi har hatt stor pågang med fullbooka timar i fleire veker. I tillegg ser vi at det fyller seg raskt opp dei dagane vi opnar for drop-in, konstaterer Kjellaug Stensli ved Sogndal lennsmanskontor.

Melding etter 40 år

Gro Linde frå Balestrand er mellom dei som har fått melding frå banken sin om å vise fram pass. Ho har lagt nærare fem mil bak seg for dagens avtale ved passkontoret i Sogndal.

– Eg har vore kunde hjå banken min i nærare 40 år. Etter eit så langt kundeforhold tykkjer eg det er litt rart at dei ikkje kjenner meg.

Ho vonar likevel at det heile skal ordne seg i tide.

– No er passet bestilt, så innan ei dryg veke er det nok på plass.

Gro Linde

PÅ PLASS: Gro Linde frå Balestrand hadde teke turen til Sogndal lensmannskontor. Ho treng nytt pass etter at bankane har skjerpa inn krava til legitimasjon.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Forbrukarpolitisk direktør i Finans Noreg, Gry Nergård, seier mange bankar no skjerpar krava til legitimasjon etter eit tilsyn Finanstilsynet utførte i sommar.

– Det viste at bankane ikkje hadde god nok kjennskap til alle kundane sine. Etter kvitvaskingsregelverket som er innført dei siste åra er det eit ganske strengt krav til at bankane må kjenne kundane og vite at dei har rett identitet, fortel ho.

Men bankane kan sjølv bestemme kva type legitimasjon dei krev, fortel Nergård.

forbrukerpolitiske direktør Gry Nergård

BRUK FORNUFT: – Vi vil jo legge til grunn at banake utviser fornuft i dette regelverket. og be kundane ta kontakt med banken og høyre om det er nødvendig inn å vise pass, seier forbrukarpolitisk direktør i Finans Noreg, Gry Nergård.

Foto: CF-Wesenberg CF-WESENBERG / CF-WESENBERG, CF-Wesenberg

– Kravet i lova er berre at du skal kjenne kunden din og at du skal vere sikker på identiteten til kundane dine. Då kan ulike typar legitimasjon verte godkjent etter regelverket. Det kan vere pass, førarkort, bankkort med bilete eller reisebevis for flyktningar.

Legg andre oppgåver til side

Men det er fleire grunnar til at passkontora no har stor pågang mange stader. I heile landet skal talet på passkontor reduserast med 64. Ein del er alt avvikla. I Vest politidistrikt stenger no 13 passkontor.

I Nordfjordeid skal passkontoret bestå. I Stryn var det slutt for passkontoret 1. oktober. Kontoret på Nordfjordeid merkar difor ein auke også derifrå.

– Vi har opplevd stor auke i pågangen, med 30–50 personar på passmaskina dagleg, fortel Tormod Hvattum.

– Kva er fordelen med å samle passtenestene i Nordfjord på Nordfjordeid?

– Målet er å auke tryggleiken rundt norske pass, som er eit ynda objekt for forfalsking. Ideen er at ein vil oppnå betre kvalitet på utskrivinga av pass.

20 pass om dagen

Nils Ove Roset ved Gloppen lensmannskontor seier folk kjem både grunna innstramminga av reglane og fordi folk vil sikre seg nytt pass før tenesta forsvinn frå Gloppen.

– Det har vore ei jamt sig i det siste, vi skriv ut kring 20 pass om dagen. Det har vi gjort i snart to veker, fortel Roset.

Også passkontoret i Lærdal er historie 1. november. Tenestestadsleiar for politiet i Lærdal og Aurland, Knut Arne Klingenberg, fortel at pågangen har vore stor i heile oktober

– Vi har utvida opningstider alle onsdagar i oktober, og vil hjelpe folk så langt det let seg gjere.