Hopp til innhold

200 ungdommar på scena i helga - følg UKM direkte i nett-TV

Over 200 ungdommar skal i helga opptre og stille ut kunstverk under Ungdommens kulturmønstring i Førdehuset.

UKM i Sogn og Fjordane - konsert 2 søndag klokka 19:30

SJÅ DIREKTE: I løpet av helga kan du få med deg fire flotte konsertar med talentfull ungdom.

Simon Øyre Øygard

SKAL OPPTRE: Simon Øyre Øygard frå Førde spelar i ein duo saman med Knut Nordeide.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK
Riggar kunstutstilling til UKM

64 KUNSTVERK: Elevar ved Mo og Jølster vidaregåande skule skal henge opp kunsten.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen
Ståle Haugen

ARRANGØR: Ståle Haugen er ein av mange som står på heile helga for at UKM-deltakarane skal ha det best mogleg.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Simon Øyre Øygard frå Førde er ein av mange som får vise seg fram under årets mønstring.

– Eg er med i ein duo vi kallar In contrast. Eg gler meg og likar å stå på scena, men eg er veldig spent, seier han.

Rigginga i Førdehuset går føre seg for fullt. Ein gjeng frå formgjevingslinja ved Mo og Jølster vidaregåande skule held på å henge opp all den flotte kunsten som er plukka ut til årets UKM.

Lovar fire med bra miks

I løpet av helga skal 64 kunstverk og 88 sceneinnslag visast fram. Prosjektleiar Ståle Haugen sei det er hektisk aktivitet for å få alt klart.

– I dag riggar vi lyd, lys og video. Vi gjer også klart green room, der artistane sit når dei sjølv ikkje er på scena, seier han.

I løpet av fire konsertar får publikum ta del i mange ulike sceneinnslag. Kvar konsert er sett saman med artistar frå forskjellige kommunar.

– Vi har droppa å presentere artistane kommunevis. Vi blandar innslaga for å få ein bra miks, slik at det blir fire jamne og gode framsyningar, seier han.

Følg med direkte på nett

NRK Sogn og Fjordane sender alle konsertane direkte i nett-TV. Det er medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som sørgjer for bileta.

I løpet av helga kan du også følgje fylkesmønstringa i tekst og bilete på nettsida til NRK. Måndag morgon blir det stemningsrapportar i sendinga vår.

Slik er programmet i helga:

Laurdag 5. april

12:00 Kunstutstillinga opnar i Førdehuset - her finn du alle som stiller ut

13:00 Konsert 1 – her finn du alle artistane

19:00 Konsert 2- her finn du alle artistane

Søndag 6. april

12:00 Konsert 3 – her inn du alle artistane

17:00 Konsert 4 – her finn du alle artistane