– Eg skal sjølvsagt ta den litt rause haldninga, og ta eit par bomskot slik at kollegaene mine kjenner seg vel når dei kjem på besøk hit til Førde, seier Førde-ordførar Olve Grotle.
I dag møter han 18 kollegaer i den harde konkurransen om å bli den beste skyttar-ordføraren i Sogn og Fjordane. Dei konkurrerer på 100-meteren og vinnaren blir den som er best av 25 skot i liggande stilling.
Grotle trur det blir ein spennande kamp.
– Ein del av kollegaene mine driv med skyting til vanleg, så eg reknar med det er høg kompetanse på skyting i dag, seier han.
Har fått bilete frå konkurrentane
Etter Firda hadde ei reportasje frå Grotle si skytetrening der han greidde å oppnå ganske høg poengsum, har kollegaene passa på å sende bilete til Førde-ordføraren av eigne prestasjonar.
– Etter å ha fått mange bilete frå kollegaene mine rundt om, så forstår eg at sjansane mine er veldig små. Og det er umogleg å gjette kven som blir den beste, seier han.
Desse politikarane skal prøve seg på blinken:
- Olve Grotle, Førde
- Jenny Følling, Sogn og Fjordane fylkeskommune
- Ola Teigen, Flora,
- Oddmund Klakegg, Jølster
- Mathias Råheim, Gaular
- Håkon Myrvang, Naustdal
- Frida Melvær, Askvoll
- Hallvard Oppedal, Gulen
- Gunhild Berge Stang, Fjaler
- Morten Askvik, Hyllestad
- Stig Olav Lødemel, Hornindal
- Alfred Bjørlo, Eid
- Lars Trygve Sæle, Balestrand
- Jan Geir Solheim, Lærdal
- Ivar Kvalen, Luster
- Jarle Aarvoll, Sogndal
- Olav Turvoll, Vik
- Jon Håkon Odd, Leikanger
- Aleksander Øren Heen, Årdal (Må skyte kneståande på grunn av tidlegare merittar.)
I tillegg har fylkesleiar, Hilmar Høl i arbeidarpartiet meldt seg på i ettertid. Med er også Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeidarpartiet.