«Skal Fitjar og Stord bli slått saman til ein ny kommune?»
Dette er det konkrete spørsmålet innbyggarane i dei to sunnhordlandskommunane vert bedne om å ta stilling til i dag. Alternativa er «ja» eller «nei».
Frå klokka 09.00 til 20.00 er dei to vallokala på Stord kulturhus og Fitjar kultur- og idrettsbygg opne for alle innbyggjarar som fyller 17 år i løpet av året og oppover.
NRK Hordaland følgjer den rådgjevande folkerøystinga tett med ekstrasending på radio og nett-tv frå klokka 20.03. Sendinga varar fram til klokka 22, eller lenger dersom resultata let venta på seg.
Me er til stades i begge dei to kommunane, for å gje deg stemningsrapportar, resultat og reaksjonar.
153 år kvar for seg
Stord og Fitjar er to av i alt 23 kommunar der innbyggjarane måndag seier meininga si om framtidige kommunegrensene.
Sidan 1863 har det vore to kommunar på øya Stord, etter at den nordlege delen av øya vart skild ut til Fitjar heradskommune. 153 år seinare skal altså fitjarbuen og stordabuen i dag ta stilling til om dei skal dela kommune.
Beheldt vindkraftinntekter
Leirvik skal vera kommunesenter og by i den eventuelt nye kommunen, medan Fitjar får status som eit lokalsenter. Planen er at kommunen skal heita Stord kommune. Det skal lagast eit nytt kommunevåpen.
Som ein del av avtalen er det lagt opp til at ein skal oppretta eit fond som skal sikra at delar av inntektene frå vindkraftproduksjonen i Fitjar skal nyttast innanfor dagens kommune. Det skal opprettast eit eige lokalstyre i Fitjar, som mellom anna skal forvalta dette fondet.
Eit kommunestyre med 41 representantar vert høgaste folkevalde organ om samanslåinga vert ein realitet.
Kommunestyra avgjer
Sjølv om innbyggjarane i dag får seia sitt gjennom folkerøystinga, er det kommunestyra i dei to kommunane som skal fatta den endelege avgjerda.
Her kan du lasta ned avtalen som innbyggjarane i dag skal ta stilling til.