Hopp til innhold

Slik jublar eit lag som vil opp på nest øvste nivå

FLORØ (NRK): Med 4–2 over Vard Haugesund på Florø stadion, sikra laget frå kystbyen seg endå ein siger. No kan dei vere ni kampar unna opprykk til 1. divisjon.

Jubel i Florø-garderoben etter at dei feia Vard Haugesund av bana.

JUBEL: Slik jublar eit topplag i 2. divisjon når ein framleis her heilt med i kampen om opprykk til 1. divisjon. (FOTO: TRULS KLEIVEN)

– Det var ein greitt gjennomført kamp, men vi var ikkje sprudlande, for å seie det slik. Det seier florøtrenar Terje Rognsø etter kampen mot Vard Haugesund i går der Florø nok ein gong gjekk sigrande frå det.

Florøjubel

GJER DET BRA: Florø er i siget om dagen, og vinnar stadig fotballkampar. No ligg dei heilt i toppen av tabellen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Å vinne kampar også på dårlege dagar er gjerne det som kjenneteiknar eit lag som klarar å hevde seg heilt i toppen, og det er der Florø er no.

– Motstandaren gjer det veldig vanskeleg for oss, men så er vi dårlege og er særleg veldig tamme i duellspelet. Vi var klart best, altså. Så all ære til spelarane for sigeren, men det var mykje å setje fingeren på, seier Rognsø.

Florø knuste Vard Haugesund på heimebane.

SJÅ VIDEO: Florø-trenar Terje Rognsø om sigeren over Vard Haugesund. (FOTO: TRULS KLEIVEN)

Tenkjer ikkje på opprykk

Scoring for Florø

UNGT LAG: Endre Kupen sette inn eitt av Florø sine fire mål. Seljeværingen er toppscorar med 15 mål i avdelinga.

Foto: TRULS KLEIVEN

Florø ligg no på andreplass på tabellen, men med like mange poeng som Nest-Sotra på første. Rognsø hevdar likevel at han ikkje tenkjer så mykje på opprykk.

– Eg trur noko av det som gjer oss gode i år er at vi klarer å tenkje ein kamp om gongen. Vi tenkjer ikkje på dei neste ni kampane no, men på neste kamp mot Frigg, og korleis vi skal vinne den.

Eit ungt lag

At det byrjar å bli opprykksfeber i kystbyen merkar likevel trenaren.

Kamp i feltet

STORT PRESS: florøtrenaren seier at dei merkar eit veldig press på å prestere, no som folk har byrja å tenkje på opprykk

Foto: TRULS KLEIVEN

– Folk pratar jo nesten ikkje om noko anna, så det er klart det er eit veldig press på oss no. Alle i Florø har plutseleg ei meining om korleis vi skal spele, og alle er blitt veldig interesserte. Det er kjekt det, altså. Og eg trur det kan vere veldig lærerikt å spele under eit så stort press kvar einaste gong.

Florø har eit ungt lag, og ganske enkle fasilitetar. Fleire har undra seg om klubben er klar for fyrstedivisjonsspel. Akkurat det er ikkje Rognsø redd for.

– Om vi rykkjer opp har vi fortent det, og då er vi klare for det. Det er ein lang vinter mellom sesongane, så vi har god tid til å finne ut av alle slike ting.