Hopp til innhold

Florø sikra siger med målfest

Det var topp mot botn då Florø møtte Stord på heimebane i kystbyen. Lenge sleit dei med nettkjenninga, men under andre omgang kom fire mål på rad og rekke.

Anders Sørensen på Florø med ballen

JOKER: Innbytar Anders Sørensen banka inn Florø sitt siste mål i kampen mot Stord.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det var ein kamp der alle forventa vi skulle vinne, og det er gjerne dei verste kampane. Vi gjennomførte ein veldig solid kamp, men det var synd vi ikkje leda til pause, fortel Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø sleit med å få ballen i mål under heile første omgang mot Stord. Først i andre omgang, og etter 65 minutt, var det Florø-spelar Endre Kupen som scora kampen sitt første mål.

– Vi var tolmodige og hadde trua på at om vi heldt fram, så ville vi få ballen i mål.

Under andre omgang rann måla bokstaveleg talt inn for Florø. Luc Jeggo kom med eit drøymetreff og sikra Florø 2–0. Etter det gjorde trenar Terje Rognsø to taktiske byter

– Byta vi gjorde trefte godt.

Inn kom Rashad Mohammed og gav Florø stillinga 3-0, før dagens andre innbytar, Anders Sørensen, banka inn kampen sitt siste mål på overtid. Kampen mellom Florø og Stord enda 4–0.

Var tabelleiar i ein knapp time

Etter sigeren mot Stord var Florø heilt øvst på tabelltoppen. Florø knivar mot Nest-Sotra om førsteplassen i divisjonen. Vinn Nest-Sotra dagens kamp er Florø tilbake på andreplassen.

– Vi får sjå om det varer, men vi kan utfordre Nest-Sotra heile vegen. Det er kjekt at vi gjer det bra, og ikkje minst måten vi spelar fotball på.

Florø Stord

LANGT NEDE: Stord låg langt nede på bana i kampen mot Florø. Det gjorde det vanskeleg for spelarane til Florø å score mål.

Foto: PRIVAT

Florø-trenaren har stor trur på at det kan gå vegen for laget frå kystbyen.

– Vi har ein ekstremt sterk stall, der vi kan endre kampbilete med spelarar som vi har på benken.

For Florø-spelar Christer Husa var dagens kamp ei prøve i tålmodighet.

– Dei ligg veldig lågt, og då blir det ikkje så mykje rom til oss. Då vi fekk det første målet trur eg dei rakna litt.

Neste kamp mot Egersund

Nest-Sotra møter Egersund til kamp i dag. Husa håper på siger til Egersund.

– Egersund slår Nest-Sotra, så slår vi dei neste helg. Då håper eg dei er hekta av i toppen.

Terje Rognsø

GRUBLA ALLEREIE: Florø-trenar Terje Rognsø grubla allereie på neste kamp mot Egersund.

Foto: TRULS KLEIVEN

Florø har vunne seks av sju kampar på bortebane, og står med ein uavgjort. Neste veke ventar det tøff motstand frå Egersund.

– Vi møter eit godt fotballag. Det er kjekt å spele bortekamp. Heimelaga møter oss høgre oppe på bana, då får vi betre plass til våre raske spelarar.

Til trass for ein tøff kamp, er det ein gjeng som gleda seg til å spele vekke.

– Det er ein optimistisk gjeng som reiser ned til Egersund, sjølv om det blir ein tøff kamp. Det er mange som kjemper for livet i divisjonen, så det er alltid tøffe kampar.

Terje Rognsø starta allereie på grublinga til neste kamp.

– Det er sånn det er å vere trenar. Tankane går fort over til neste kamp, avsluttar han.