Hopp til innhold

Fleirtalet fredar ikkje fødetilbod

Eit mindretal kravde at lokalsjukehusa i landet skal ha eit føde- og akutttolbod, men fleirtalet av dei raud-grøne partia ville ikkje vere med på ei så klar formulering.

Fylkestinget

UEINIGE: To vart to blokker med to forslag, men framlegget frå dei raud-grøne fekk flest stemmer.

Foto: Birthe Johanne Finstad Fredheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det vart ein lang debatt då fylkestinget i Sogn og Fjordane skulle vedta ei høyringsfråsegn til Nasjonal helse- og omsorgsplan. I løpet av det vel tre timar tingsetet, vart mesteparten av tida brukt på punktet om framtida for lokalsjukehusa.

Vil sikre dagens tilbod

Det var dei borgarlege partia som bad om ekstraordinært fylkesting på saka.

For opposisjonen, representert ved Høgre, Frp , Venstre, KrF og Ap-utbrytaren Gunnvor Sunde, var det viktig å få med at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

Deira forslag gjekk ut på at lokalsjukehusa må innehalde akuttfunksjonar og eit fødetilbod på minimum tilsvarande dagens nivå.

Brukte Soria Moria-formuleringane

Fleirtalet som består av Ap, Sp og SV, gjekk inn for formuleringane i Soria Moria-erklæringa. Deira framlegg er at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, men at somme kan delvis får andre arbeidsoppgåver enn i dag.

Til slutt vart det avstemmning om dei to framlegga. Mindretalstilrådinga frå Frp, Høgre, Venstre, KrF og Gunnvor Sunde fekk 16 røyster, medan fleirtalsframlegget frå Ap, Sp og Sv fekk 23 røyster.

– Viktig tema

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier at politikarane har behandla eit viktig tema for folk i Sogn og Fjordane.

– Det var greitt at vi kom fram til ei høyringsfråsegn som blir sendt inn til sentrale myndigheiter. Vi håper dette blir teke omsyn til når Nasjonal helseplan skal vedtakast.

– Korleis vil du oppsummere den debatten du var med på?

– På dei fleste punkt var det liten skilnad. Men når det ikkje var mogleg å bli einige, så var det greitt at det vart avstemming om to vedtak. Vi ikkje gløyme at det var Nasjonal helseplan vi uttalte oss om i dag.

Frp er skuffa

Frank Willy Djuvik frå Framstegsparitet seier han ikkje sit igjen med meir enn før debatten starta.

– Det er veldig skuffande at ein ikkje vil definere kva helsetilbod innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal ha i framtida. Men eg ser at fleirtalet meiner det, så då får vi halde fram kampen på andre område.

– Dei raud-grøne ueinige

Trude Brosvik frå Kristeleg Folkeparti meiner at den ueinigheita som er tydeleg på regjeringsplan, er er akkurat like tydeleg mellom dei raud-grøne i Sogn og Fjordane.

– Det går på innhaldet på lokalsjukehusa i forhold til fødetilbod.

Ho seier at høyringa er ei påverknad inn mot Stortinget om kva som er viktig for folk i Sogn og Fjordane.

– På neste nivå må ein kjempe for pengar til det tilbodet vi meiner er viktig.

Video Ueinige om akuttberedskapen

SJÅ TV-SAKA: Ueinige om akuttberedskapen.