Lokalsjukehus splittar fylkestinget

Det blir truleg raudgrøne politikarar mot dei borgarlege når Fylkestinget i dag vedtek fråsegn til den nasjonale helse- og omsorgsplanen for 2011 - 2015. Sjå debatten på nett-TV frå klokka 1430.

Video Fylkestinget om Nasjonal Helse- og Sosialplan

SJÅ: Møtet startar klokka 1430 i dag.

Usemja gjeld i første rekkje formuleringar knytt til lokalsjukehusa.

Det var dei borgarlege partia som bad om ekstraordinært fylkesting på saka, og vil truleg samle seg om krav til innhaldet i eit lokalsjukehus

- Det var det vi gjorde i april også. Eit lokalsjukehus for oss skal innehalde føde- og akutttilbod, noko som sikrar nærleik til brukarane også i vårt fylke, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Brukar Soria Moria

Djuvik understrekar at dei endelege formuleringane først kjem etter gruppemøte i dag, men Frp, Høgre, Venstre og Krf ynskjer sterkare formuleringar enn det som ligg i framlegget frå fylkesrådmannen.

Han brukar Soria Moria-formuleringa om at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, men kan få endra innhald i samband med Samhandlingsreforma.

Rådmannen skriv også at planen planen må avklare lokalsjukehusa si rolle i samband med samhandlingsreformen.

Dette blir truleg også dei raudgrøne si formulering, seier Jenny Følling (Sp).

- Når det gjelder lokalsjukehusa, så legg vi oss på den formuleringa som Soria Moria seier om at ein skal ha ein desentralisert sjukehusstruktur og sikre nærleik til akutt- og fødetilbodet. Så blir det også viktig å oppretthalde og vidareutvikle sentralsjukehuset, seier ho.

- Vi er ikkje medisinarar

Følling vil ikkje gå inn på konkrete krav til innhaldet i lokalsjukehusa.

- For det er ikkje medisinarar som sit i fylkestinget. Vi kjem nok til å seie i denne uttalen at det må skje ei avklaring mellom oppgåvefordeling mellom kommunane lokalsjukehusa og sentralsjukehuset. Og ikkje minst kven som skal betale for dette, for det kjem til å bli eit springande og vanskeleg punkt når ein skal praktisere dette, seier ho.

Det ekstraordinære fylkestinget blir avvikla i dag på Sunnfjord hotell i Førde. Møtet blir sendt direkte på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

Møtet skulle vere klokka 13, men blir utsett med kring ein time. Fylkesutvalet skal ha møte same stad kl1315. Fylkestinget vert sett så snart møtet i fylkesutvalet er ferdig og sakene derifrå klare.