Hopp til innhold

Staten skal vurdere skjebnen til den raraste kommunen i landet

Statsforvaltaren i Vestland ber departementet om å finne ei løysing for den «visuelt mest omstridde» kommunen i landet.

Kinn Kommune

HENG IKKJE SAMAN: Lagnaden til Kinn kommune er i spel.

Statsforvaltaren i Vestland har gjort ei førebels vurdering, og kome til at det er «rett å tilrå at det vert gjennomført ei utgreiing» om deling av Kinn kommune.

I praksis betyr det at dei legg saka i hendene på Kommunal- og distriktsdepartementet.

Vedtaket er i tråd med initiativet til kommunestyret i kommunen, som søkte om at det vert gjort ei utgreiing av om kommunen skal halde fram, eller om kommunen skal delast.

Folkeavstemming i Haram.

NYE ÅLESUND: Haram var ein av 13 kommunar som vart slått saman med tvang i 2017. I I førre veke sa 70 prosent at dei vil ut av Ålesund.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Omstridd kommune

Kinn har i konkurranse med Nye Ålesund vore blant dei mest kontroversielle kommunesamanslåingane.

I førre veke sa 70 prosent i ei rådgjevande folkerøysting i gamle Haram at dei vil ut av Ålesund.

Politikarane i kommunen tek stilling til saka 17. mars.

Haram var ein av 13 kommunar som vart slått saman med tvang i 2017.

Desse er: Søgne: Lindesnes, Haram, Fet, Skedsmo, Bindal, Leka, Vikna, Balestrand, Leikanger, Bjugn, Ørland og Spydeberg.

Sidan har dei fleste av desse forsona seg med dei nye kommunegrensene.

Trygve Slagsvold Vedum i Søgne

TVANG OG VEDUM: Søgne var ein av 13 kommunar som vart slått saman med tvang i 2017.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Har ikkje fått inn søknader

I Hurdalserklæringa lover Støre-regjeringa at dei vil legga til rette for deling av tvangssamanslåtte kommunar dersom det er lokalt ønske om det.

Men Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har vore klar på at Kinn ikkje er for tvangssamanslått å rekne, og difor fell utanfor kriteria for «hurtig-skilsmisse».

Berre dei som er «tvangssamanslåtte» har denne moglegheita. Spørsmålet har si sin tur betydning for kven som betalar for oppløysinga.

NRK skrev i februar at kommunalministeren si liste over «tvangssamanslåtte» fylke ikkje korresponderer med den lista som finansminister Trygve Slagsvold Vedum brukar.

Klassekampen har tidlegare spekulert i at Lindesnes vil sende søknad om hurtig-skilsmisse innan 1. mars, men «fasiten» viser at det ikkje er tilfelle.

Det tyder at regjeringa truleg berre vil få éin søknad om skilsmisse – frå Nye Ålesund.

– Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har ikkje fått inn søknader frå kommunar, men Ålesund har fått utsett fristen til 18. mars, seier departementet til NRK.