Hopp til innhold

Knapt fleirtal for halde fram med Kinn kommune

49 prosent ønskjer å halde fram med Kinn kommune i Vestland fylke, 48 prosent ønskjer å løyse opp. Berre 44 stemmer skil for og imot. Valstyret vil no fintelje stemmene.

Kart over Kinn kommune

FOLKEAVRØYSTING: Eit knapt fleirtal av innbyggjarane i Kinn kommune vil at kommunen, som består av gamle Vågsøy i nord og gamle Flora i sør, skal halde fram som ein kommune.

Det som var draumen om ein sterk kystkommune har sidan kommunesamanslåinga i 2020 møtt mykje motbør.

Etter at Senterpartiet kom i regjering har motstandarane fått vind i segla.

No har folket sagt si meining:

48,52 prosent ønskjer å dele opp Kinn til dei opphavlege kommunane.

49,14 prosent vil at kommunen skal halde fram som ein kommune.

2,34 prosent har stemt blankt.

Resultatet er så jamt at valstyret ønskjer finteljing.

Det skil berre 44 stemmer for og imot å halde fram med kommunen.

– Det må noko finteljing til sidan resultatet er så jamt, seier kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen.

Ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap), meiner resultatet syner at kommunen er delt, også i spørsmålet om ei reversering.

– Det blei så tett og spennande som mange frykta og spådde på førehand. Det er tydeleg at kommunen nesten er delt på midten i rådet til politikarane om Kinn skal halde fram eller ikkje, seier Teigen til NRK.

Ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap)

Kinn-ordførar Ola Teigen (i midten) ser fram mot eit kommunestyre som kan bli vanskeleg etter eit så jamt resultat.

Totalt røysta 53 prosent av dei røysteføre i Kinn.

I Flora har 47 prosent røysta, i Vågsøy har 66 prosent røysta.

Valdeltakinga er sterkast i nord.

Fleirtal for å dele opp i Vågsøy

Gamle Flora kommune og gamle Vågsøy kommune blei i 2020 sett saman til ein kommune: Kinn.

Motstanden har vore sterkast i Vågsøy. Stemmene i nord viser at eit klart fleirtal (58 prosent) vil løyse opp kommunen.

Det er mykje det same som folkerøystinga i 2018 synte. Då sa 6 av 10 av innbyggjarane nei til samanslåing. Nokre dagar seinare røysta kommunestyret for samanslåing – og kommunen Kinn blei skipa.

Det ønskjer Fredrik Egeberg, som har samla til valvake i Måløy, ikkje skal skje igjen.

– No må vi løyse opp kommunen. Vi må ikkje køyre over befolkninga ein gong til. Det har berre blitt krig og strid. No er det på tide at folket blir høyrt, seier Egeberg.

Fredrik Egeberg, motstandar av Kinn kommune.

Fredrik Egeberg er sterk motstandar av Kinn kommune. Noko T-skjorta understrekar.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Vanskeleg

Men kva som vil skje med den mykje omtalte kommunen er enno uvisst.

Vil det store fleirtalet i Vågsøy, som har halvparten så mange innbyggjarar som Flora, gjere at kommunen løyast opp?

Om ei veke skal kommunestyret samlast og gjere sitt vedtak.

– Det er vanskeleg. Det er ingen som har fått fleirtal faktisk. Det er under 50 prosent på ja og nei-sida. Rådet er ikkje spesielt tydeleg i alle fall, seier ordførar i Kinn, Ola Teigen.

– Det viktigaste er at gamle Vågsøy og gamle Flora finn ut kva som er best for deira lokalsamfunn for framtida, sa kommunal- og distriktsminister, Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til NRK i byrjinga av august.

Om det blir bestemt at kommunen skal delast opp vil det først skje 1. januar 2024.

Stemmeseddel i Florø på valdagen om Kinn kommune.

Det har vore stort engasjement om framtida til Kinn kommune.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK