Hopp til innhold

Regjeringa usamd om kva for fylke som er «tvungne» saman

Kommunalministeren har laga ei liste over «tvangssamanslåtte» fylke. Lista er ikkje lik den finansminister Trygve Slagsvold Vedum brukar.

QcK3xFHX01Q

BERRE DEI TO: – Det var eit ønske om dette berre to stader: I Trøndelag og i Agder, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum 9. februar.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Det var ynskje om dette berre to stader: I Trøndelag og i Agder.

Det sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Politisk kvarter 9. februar, og skapte med det forvirring om kva for fylke som er for «ynskja» å rekna og kven av dei som er resultat av «tvang», og kven som eventuelt er noko midt i mellom.

Spørsmålet avgjer kven som kan søke Kommunal- og moderniseringsdepartementet om «hurtig-skilsmisse» innan 1. mars. Berre «tvangssamanslåtte fylkeskommunar» har denne moglegheita.

I eit skriftleg svar til Stortinget presiserer kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) at Vestland er for frivillig å rekne, og difor fell utanfor denne kategorien.

Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at han og statsrådkollegen «er på linje», men at Vestland fylke er i ein «mellomposisjon» og eventuelt må løyse seg opp via prosedyrar i delingslova, altså ikkje via oppskrifta som Gram og departementet sende ut før jul.

Sp-leiaren grunngjev påstanden om «mellomposisjon» med at vilkåra for samanslåing i ettertid ikkje er oppfylt (detaljar om dette lengre ned).

Ryddar opp i rotet til Vedum

Eg er nøgd med at kommunalministeren ryddar opp i det rotet Vedum har skapt. Med dette svaret kan debatten om oppløysing av fylket leggast død, seier Alfred Bjørlo, som representerer Venstre på stortingsbenken til Sogn og Fjordane.

I kategorien «tvangssamanslått» har kommunalministeren plassert følgjande nyvinningar: Troms og Finnmark, Innlandet, Viken og Vestfold og Telemark.

Med «tvangssamanslått» reknar vi fylkeskommunar som Stortinget i 2017 vedtok å slå saman, trass i at eitt eller fleire av dei involverte fylkestinga hadde fatta vedtak om at dei ikkje ville, seier Bjørn Arild Gram.

I Vestfold-Telemark sitt tilfelle ynskja begge at Buskerud skulle vere med. Då det ikkje vart noko av, stemte Vestfold ja til tosemda, medan Telemark stemte nei.

Astrup rapport

FREDAR VESTLAND: Kommunalminister Bjørn Arild Gram seier at Vestland er for eit frivillig ekteskap å rekne.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sa ja til kvarandre i 2017

Hordaland fylkesting og i Sogn og Fjordane fylkesting sa ja til «ekteskapet» i 2017. Senterpartiet i Sogn og Fjordane stemte «subsidiært for» under føresetnad at fleire oppgåver vart fordelt til fylkesnivå.

Eitt av fleire vilkår dei i dag meiner ikkje er oppfylt.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Sp-profil Liv Signe Navarsete har difor teke til orde for omkamp, og Sogn og Fjordane Sp har årsmøtevedtak om det bør vere ei folkeavrøysting.

Medan Sp-profilar sør i fylket (gamle Hordaland) har argument for ro og aksept, blant dei fylkesordførar Jon Askeland.

Kommunalministeren sitt svar er korrekt og i tråd med vedtaka i fylkestinga som oppretta Vestland, seier han.

Stortingspolitikar frå Sogn og Fjordane, Erling Sande tilhøyrer Sp-profilane som vil ha folkeavrøysting.

I vedtaket låg det nokon klare føresetnader, som at det skulle kome vesentlege nye oppgåver til fylkeskommunen og at det vart fleire samanslåingar. No er begge desse føresetnadane brotne, seier han.

Sogn og Fjordane og Hordaland

NÅR TO BLIR EIN: Hordaland fylkesting og i Sogn og Fjordane fylkesting sa ja til kvarandre i 2017.

Foto: NRK

– Freidig å kalle det tvang

Samanslåinga til Vestland var jo eit resultat av vedtak i fylkestinga, så å kalla det ei tvangssamanslåing ville jo vera heller freidig, seier Øyvind Strømmen i Vestland MDG.

Han kjem likevel Sande litt i møte:

Det er synd at det ikkje har vorte flytta fleire oppgåver til fylkesnivå enn det som har vore tilfelle så langt.