Hopp til innhold

Kulturminnefondet har fått fleire søknadar enn nokon gong

Stadig fleire får auga opp for kulturminna dei har rundt seg og søker Kulturminnefondet om midlar. – 2021 slår alle rekordar, seier direktør Simen Bjørgen.

Gunvor Røkholt og Elisabeth Esmark på Munthehuset.

MAGISK: – Det er noko magisk med å sitje inne i fjorden her, seier Gunvor Røkholt. Her saman med Elisabeth Esmark utanfor Munthehuset i Luster. Stiftinga er mellom dei som har søkt Kulturminnefondet om midlar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Ytre Kroken ved Lustrafjorden ligg eit gamalt ærverdig hus som har sett sine beste dagar.

Munthehuset heiter det, etter kaptein, historikar og kartograf Gerhard Munthe (1795-1876).

Då nasjonalromantikken spira i Noreg på 1800-talet, inviterte han landets fremste kunstnarar til å smykke ut huset. Blant desse den danske slottsmålaren Johannes Flintoe (1786-1870).

Men tida sette sine spor, både synlege og usynlege, og sidan huset fekk nye eigarar i 1884 har takmåleria til Flintoe vore gøymt bak eit lag med takpapp.

Fram til no. For no skal dei fram i lyset att, etter snart 150 år, om Kulturminnefondet vil.

– Eg sit og skriv på søknaden no, seier Arnt Christopher Hovland Munthe, som er dagleg leiar i Stiftinga Munthehuset.

Han trur på positivt svar, og viser til at Kulturminnefondet i revidert budsjett for 2021 har fått «ein rekordstor pott».

Totalt dreier det seg om 136 millionar kroner til utdeling.

Spørsmålet er om det er nok.

Arnt Chr Hovland Munthe, styreleiar for stiftinga Munthehuset.

HAR TRUA: Christopher Hovland Munthe er dagleg leiar i Stiftinga Munthehuset. Han trur Kulturminnefondet vil seie ja til å sponse restaureringa av takmåleria til Flintoe frå 1800-talet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Pandemien har vore ein medverkande faktor

Kulturminnefondet er ei statleg tilskotsordning retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne.

Til no i år har 1.572 prosjekt søkt om 455 millionar kroner i støtte frå Kulturminnefondet. Det er 50 prosent fleire søknader enn i fjor.

– Vi er veldig glade for det, fordi det viser at det interessa for å ta vare på kulturarven er større enn nokon gong, seier direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet til NRK.

Han seier det er mange årsaker til auken.

Bjørgen viser til at fondet har jobba for å gjere ordninga betre kjent og enklare å søke på. Samtidig trur han at ytre faktorar har påverka søknadstala.

– Det er nærliggande at pandemien har vore ein medverkande årsak til utviklinga.

Bjørgen koplar dette til at fleire har vore meir heime og i eige nærmiljø, og då kanskje har fått auga opp for bygningar, fartøy eller andre kulturminne dei ønsker å sette i stand.

– Samtidig kan også regionreforma, med overføring av fleire oppgåver på kulturmiljøfeltet til fylka, ha medverka til den auka søknadsmengda, seier Bjørgen.

Detalj frå taket i Munthehuset.

STOR AUKE: Hittil i år ha 1.572 prosjekt søkt om 455 millionar kroner i støtte frå Kulturminnefondet. Det er 50 prosent fleire søknader enn i fjor.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Få ei kjensle av historia

Kulturminnefondet har sidan 2013 fått ein stadig meir midlar over statsbudsjettet som dei fordeler til søkarar. Frå kring 50 millionar kroner den gong er potten no auka til dryge 130 millionar kroner.

Søknadane kjem frå heile landet, men i år kjem fleirtalet frå Vestland fylke.

I Luster drøymer interiørdesignar Gunvor Røkholt om å løfte Munthehuset tilbake til sin fordoms prakt, og starte ein ete- og overnattingsplass.

– Det er noko magisk med å sitje inne i fjorden her, sjå fjella og tenke på historia, seier ho.

– Det er noko med å kome ut av det kjende, oppleve noko anna og få ei kjensle av historia. Det trur eg at folk vil oppleve.

Gunvor Røkholt Munthehuset

FORDOMS PRAKT: Gunvor Røkholt er interiørdesignar og drøymer om å løfte Munthehuset tilbake til sin fordoms prakt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK