Hopp til innhold

Fleire russ vaksinerer seg mot hjernehinnebetennelse

Aldri har fleire russ i Bergen vaksinert seg mot hjernehinnebetennelse.

Russ

VAKSINERER SEG: Fleire og fleire russ vel å vaksinere seg mot hjernehinnebetennelse.

Foto: NRK

I år har 1521 av russane i Bergen valt å ta vaksinen. I 2012 var talet 950.

Det er to år sidan tilbodet om vaksine for russen kom.

Smittevernoverlege Øystein Søbstad trur det kan vere noko av årsaka til det har vore langt mindre hjernehinnebetennelse blant russen dei siste åra.

– Ved å vaksinere seg hjelper ein heile russeflokken, seier Søbstad.

Tryggare russetid

– Det er flott at russen er meir medvitne. Dette gjer dei som har vaksinert seg ei tryggare russetid, seier byråd for helse og omsorg, Hilde Onarheim.

Vaksineringa går føre seg i desse dagar. Russen får ei vaksinar som beskyttar mot fire av dei fem mest vanlege typane meningokokksjukdom.

Dette vil skape hinder for ein stor del av smitta av hjernehinnebetennelse som kan oppstå i samband med russefeiringa.

Hjernehinnebetennelse er ein infeksjon av hinnene rundt hjernen og ryggmargen. Sjukdomen er akutt og utviklar seg svært raskt i dei fleste tilfelle.

Russen spesielt utsett

Øystein Søbstad

NØGD: Smittevernoverlege i Bergen, Øystein Søbstad, meiner vaksinasjon mot hjernehinnebetennelse har ført til nedgang i talet på tilfelle.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

Russen er spesielt utsett fordi russefeiringa kan gå på kreftene laus. Det gjer at dei blir meir mottakelege for sjukdomen enn dei normalt ville vere.

– Det festar og kosar seg heilt til dei rett og slett blir heilt «utfesta». I denne perioden er dei meir mottakeleg mellom anna for hjernehinnebetennelse, seier smittevernoverlege Søbstad.