Hopp til innhold

Fleire kritiserer leiarstilen

Krtikken mot Sp-leiar Liv Signe Navarsete sin leiarstil aukar i omfang.

Liv Signe Navarsete
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tidlegare partitopp Simen Bjørgen rettar i Nationen hard kritikk mot Navarsete, og seier han mista lysta til å jobbe for partiet grunna Navarsete sin leiarstil.

Mista lysta på partiarbeid

Simen Bjørgen

GAV SEG: Tidlegare sentralstyremedlem og ordførar Simen Bjørgen.

Foto: Stein Schinstad / NRK

– Liv Signe Navarsete har skjelt meg ut fleire gonger i sentralstyret i samband med utspel eg har hatt. Det skaper ikkje akkurat engasjement for å bidra i partiet, seier Bjørgen til avisa.

Den tidlegare Lom-ordføraren og sentralstyremedlemmet som for få år sidan vart oppfatta som eit stort politisk talent i partiet, er no ute av alle verv.

– Hadde aldri vore så skuffa over nokon

Sandra Borch

BLEI SKJELT UT: Sandra Borch er leiar i Senterungdomen.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

I går kom det fram at Navareste skal ha skjelt ut leiaren for Senterungdomen, Sandra Borch, under eit folkemøte i Troms. Navarsete har beklaga ordbruken.

No går fleire partirøyster ut og teiknar eit bilete av ein leiarkultur dei har fått nok av.

Ifølgje Bjørgen skal det ha toppa seg då han som Lom-ordførar for to år sidan gjekk ut og åtvara innbyggjarane i nabokommunen Sjåk om å stemme på Senterpartiet. Årsaka var dårleg samarbeidsklima mellom Sjåk-ordføraren og han sjølv.

– Navarsete sa at ho aldri i heile sitt liv hadde blitt så skuffa over nokon som ho var over meg, fortel Bjørgen.

Fylkestoppar ut mot leiaren

I Dagens Næringsliv laurdag ber fleire SP-toppar Navarsete om å på nytt beklage utskjellinga av senterungdomensleiar Sandra Borch.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Møre og Romsdal, leiaren i Nord-Trøndelag Sp, og fylkesleiaren i Akershus og Nord-Trøndelag ber alle Sp-leiaren om å komme med ei ny beklaging.

– Det er uakseptabelt at ein partileiar behandlar ungdom, og forsåvidt kven som helst andre, på ein slik måte. Det må vi få rydda opp i, seier fylkesleiar i Sør-Trøndelag, Gunn Iversen Stokke til DN.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

- BØR SKVÆRE OPP: Jenny Følling er innstilt på andreplassen bak Navarsete på Sp-lista i heimfylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I heimfylket Sogn og Fjordane oppmoder fylkesvaraordførar og stortingskandidat Jenny Følling Navarsete om å møte Borch og skvære opp.

– Viss det har vore ein uheldig episode så må dei to skvære opp, seier Følling til NRK.no.

Beklagar ikkje

Liv Signe Navarsete vil ikkje kommentere saka før måndag. Då skal ho og leiar i Senterungdomen, Sandra Borch ha eit oppklaringsmøte.

Navarsete vil overfor Dagens Næringsliv heller ikkje kommentere krtikken som kjem fra frå partitoppar i dagens avisa, men svarer på kritikken tidlegare sentralstyremedlem Simen Bjørgen kjem med i Nationen.

– Det er vel kjent at Simen og eg har hatt dels sær ulike politiske meiningar i sentralstyret, og at det har vore friske diskusjonar.

Navarsete seier til avisa at ho ikkje har noko å beklage overfor Bjørgen, men at dei to er politisk svært ueinige.

Ps. Det er ikkje første gang det blæs rundt Liv Signe Navarsete grunna temperamentbruk.

I april i fjor brast det for Sp-leiaren då ein sjukehusaksjonist i Nordfjord konfronterte henne med regjeringa sin sjukehuspolitikk. Navarsete tente på alle pluggar med både NRK og TV 2 til stades, noko ho kort tid etter beklaga.