Hopp til innhold

– Navarsete kan måtte gå snart

Det har storma rundt Senterpartileiar Liv Signe Navarsete etter at VG skreiv at ho skjelte ut Senterungdomsleiaren. – Leiarstillinga hennar er utsett, trur politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim.

liv signe navarsete arendalsuka

KOMMUNAL- OG REGIONALMINISTER: Og Senterpartileiar Liv Signe Navaesete.

Foto: Siv Sandvik / AUF

– Det at ho reagerer so kraftig mot Senterungdomen fordi dei ein gong i framtida ønskjer Ola Borten Moe som leiar, det er ein overreaksjon. Det skjer fordi ho ikkje føler at ho har kontroll, seier Nakkim.

Trur ho må gå

Bakgrunnen for bråket rundt Navarsete denne gongen er at ho, i fylgje VG, skal ha skjelt ut Sandra Borch, som er leiar av Senterungdommen.

Bakgrunnen for konfrontasjonen mellom Navarsete og Borch var at Borch i ein artikkel i Aftenposten sa at nestleiar Ola Borten Moe ville vere ein sterk kandidat til å overta når Liv Signe Navarsete ein dag gir seg som leiar.

VG har snakka med fleire som var vitne til det som skjedde, og dei karakteriserer Navarsete som «tydeleg forbanna». Det var mange unge partimedlemmer som stod rundt dei to og fekk med seg situasjonen.

Kyrre Nakkim

POLITISK REDAKTØR: Kyrre Nakkim i NRK.

Foto: NRK

Nakkim har lite tru på at Navarsete blir sitjande i leiarstolen so veldig lenge framover.

– Overlever ikkje neste stortingsperiode

– Stillinga hennar er utsett, og vil bli avgjort i valet neste år. Om partiet snik seg over fire prosent, so må ho nok ikkje gå med ein gong, sjølv om eg ikkje trur at ho overlever heile neste stortingsperiode.

– Kjem dei derimot under fire prosent trur eg ikkje at ho har noko liv som leiar i Senterpartiet framover, då må ho gå med en einaste gong, seier han.

På NRK si siste meiningsmåling ligg partiet ligg under sperregrensa. Det er ein av fleire ting som gjer det vanskeleg for Navarsete.

– Dei har ikkje ein klar plan for korleis dei skal koma over sperregrensa. Ola Borten Moe sin popularitet og solospel i politikken også irritert Navarsete, seier Nakkim.

– Utspelet frå Senterungdomen har rot i verkelegheita. Det er ikkje tvil om at dei knyt seg tettare til Borten Moe og det han står for, enn det Navarsete står for.

Liv Signe Navarsete er ei kvinne med temperament, og ho har vore i hardt vêr før:

– Det å ha kontroll og kunne ordleggje seg rett er noko me føreset av våre fremste tillitsvalde i Norge. Hennar temperament er eit stadig tilbakevendande tema i diskusjonen med senterpartifolk, og dei likar det ikkje, seier Nakkim.

Men skal ikkje leiinga i eit ungdomsparti tåle å høyre dette?

– Nei, det tykkjer eg ikkje. Ungdomsparti har ein funksjon i nettopp det å vera kritisk til moderpartiet. Når då leiinga skremmer tilbake med å sei at dei utelukkar ungdomspartiet, då meiner eg det er klart og tydeleg at ein må sei ifrå, for slik skal ein ikkje drive politikk.

Navarsete har beklaga hendinga.

– Det er ei merkeleg orsaking, men ho har nok forstått at ho må leggja seg flat i denne saka.

– Det kan godt hende det ligg eit politisk motiv bak frå Senterungdomen med å gå ut med dette, men det er ikkje problemet til Navarsete. Problemet hennar er rett og slett at ho har gjort noko ho ikkje burde gjort, ho har endå ein gong skjelt ut nokon ho ikkje burde skjelt ut.

Navarsete har sagt at ho ikkje vil kommentera noko før måndag.