Hopp til innhold

12 meter over bakken finn Traute (76) meistringskjensla

FØRDE (NRK): Den pensjonerte læraren hadde aldri tatt i eit klatretau før ho bikka 70. No er ho biten av basillen. Ifølgje Noregs klatreforbund har klatring aldri vore så populært som no.

Traute Dvergsdal på 76 år nærmar seg toppen av klatreveggen

KLATREMUS: Dvergsdal viser styrke og taktiske ferdigheiter på veg opp mot den 12 meter høge klatreveggen i Sunnfjordhallen Beach Center. Ho elskar rusen av å nå toppen.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Det gjev meg ei meistringskjensle utan like, seier Traute Dvergsdal.

Kledd i grå treningstrøye og svart tights med klatresele rundt livet tittar ho spent opp på klatreveggen framfor seg. Den ser nok skremmande ut for mange, men ikkje for 76-åringen Traute.

– Eg likar å utfordre meg sjølv og prøve nye ting. Klatring er utruleg god trening, eg sveittar og eg blir sliten. Det er ein behageleg treningsform, og er lett å tilpasse til det nivået du er på, seier ho.

Traute Dvergsdal og Martin Haraldsen

SAMHALD: Klatreinstruktør Martin Haraldsen sørger for at Traute Dvergsdal er godt sikra før ho skal gjeve seg laus på dei utfordrande grepa på klatreveggen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Aktiv, veltrent og enorm treningsglede er det som kjenneteiknar Dvergsdal. I sine yngre dagar i Wien, der ho er født og oppvaksen, dreiv ho med ballett. Seinare har ho halde seg i form med andre treningsformer. No trener ho tre gongar i veka, og klatrar nesten kvar torsdag.

Inkluderande sport

Dvergsdal er derimot ikkje åleine om å klatre. Klatring har nemleg aldri vore så populært som no.

– Vi har opplevd ein enorm medlemsvekst dei siste 10 åra. Talet på medlemmar har auka med 100 prosent, altså har det meir enn dobla seg, seier Nina Skaugvoll, fagkonsulent i Noregs klatreforbund.

Ifølgje Skaugvoll er det vaksne klatrarar som er den aldersgruppa som aukar mest. Dei fleste i denne kategorien er i midten av livet, men det er òg nokre få veteranar. Den eldste registrerte med topptaukort er heile 84 år gammal.

– Klatring er ein utruleg morosam idrett som passar for alle, både unge og eldre. Her får ein utfordra kroppen på ein variert måte, og difor er det òg mykje brukt i opptrening og rehabilitering, seier ho.

Traute Dvergsdal på toppen
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jubelbrøl og psykisk ro

I klatrehallen har Dvergsdal no kome til toppen. Ho jublar og klappar stolt i taket før ho firer seg elegant ned på bakkenivå att.

– Eg byrja med det fyrst og fremst fordi det er artig. I tillegg får du trent smidigheit og strategi, og på det sistnemnde blir du utfordra på å hente fram den psykiske roa og ikkje la frykta ta deg.

Klatreøkta ho er ein del av er gjennom frisklivstilbodet i kommunen. Dett er eit tilbod som legg til rette for at folk uavhengig av helseutfordringar og diagnose får prøve klatring gratis. Instruktør Martin Haraldsen ser kor viktig eit slikt tiltak er.

Martin Haraldsen er instruktør i Frisklivssentralen Førde.

MOTIVATOR: Instruktør Martin Haraldsen jobbar til dagleg som fysioterapeut, men kvar torsdag stiller han som klatreinstruktør for Frisklivssentralen Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Her får du kjenne på spenning, meistring, samhald og glede. Du får trent fysisk, og det er òg ein herleg måte å kople av på mentalt.

Vil inspirere

Dvergsdal har enno ikkje fått med fleire på sin alder, men får mange positive tilbakemeldingar frå andre når ho fortel om hobbyen sin.

Ho vil oppmode alle til å byrje med klatring.

– Ein er aldri for gammal til å prøve noko nytt. Ikkje bry deg om skavankar og plager, dei forsvinn i gledesrusen når du er på toppen.

Martin Haraldsen og Traute Dvergsdal. Letta over å ha kome opp på toppen iog ned i klatreveggen

LETTA: Dvergsdal er letta over å ha nådd toppen, og er glad for å ha kome ned att. Ho kjenner seg trygg med instruktør Haraldsen, som på sin side er mektig imponert over 76-åringen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK