Hopp til innhold

Kristin (18) blir kalla modig, men fleire unge kvinner gjer som henne

Fleire kvinner vel dei tradisjonelt mannsdominerte yrka på vidaregåande. Størst auke finn ein i bygg- og anleggsbransjen.

Jonny Andrè Berg og Kristin Larsen Svånå i Vestfjord Bygg.

FLEST MENN: Kristin Larsen Svånå er i mindretal som kvinne på arbeidsplassen, men gler seg over at fleire jenter kjem til. Her får ho tips av mentor Jonny André Berg.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

– Eg trur det gir jentene meir tryggleik, når dei ser at andre jenter tar desse utdanningane, seier Kristin Larsen Svånå.

Den unge lærlingen har merka auken av jenter på berre få år, og trur at det har ein smitteeffekt på andre ved at jentene er meir synlege i yrket.

Sjølv er 18-åringen fyrsteårslærling som tømrar i bedrifta Vestfjord Bygg i Florø. Ho bestemte seg for å søkje yrkesfag i 10. klasse, etter å ha vore på hospitering på ein vidaregåande skule.

Ho har berre fått positive meldingar om valet ho har tatt.

Mange har sagt at eg er modig som har valt denne retninga, og eg får mange kompliment på mitt val av yrke.

Kristin Larsen Svånå. Tømrarlærling i Vestfjord Bygg, Florø.

Kristin Larsen Svånå får mange kompliment på val av yrke.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

Les også Eline (25) vil ha flere kvinner inn i byggebransjen

Størst auke i bygg- og anleggsteknikk

Ifylgje Statistisk sentralbyrå er det størst tilsig av kvinnelege lærlingar innanfor bygg- og anleggsteknikk. Talet på kvinnelege lærlingar innanfor dette har auka med heile 151 prosent dei siste fem åra, frå 388 lærlingar i 2018, til 972 i 2022.

Gode rollemodellar

I opplæringsbedrifta Byggopp Vestland, avdeling Førde, har dei om lag 12 prosent jentelærlingar i 2023. Landsgjennomsnittet er på 8 prosent.

Leiar Håkon Svoen har ikkje fasiten på kvifor dei lykkast her, men peikar på eit godt jentenettverk og gode rollemodellar.

Håkon Svoen

Håkon Svoen er godt nøgd med talet på jenter i bedrifta.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

– Me har vore tidleg ute med jentenettverk, der dei sjølve har snakka om korleis dei kan rekruttere fleire jenter. I tillegg har me fått gode rollemodellar, og jentene er flinke til å framsnakke sin arbeidsplass og sin bransje.

Svoen håpar å få enda fleire jentelærlingar i bedrifta, og seier bygg- og anleggsbransjen går så det susar, så det er mange læreplassar.

– Til dei som vurderer denne retninga, vil eg seie at me har bruk for dei og at me skal ta vare på dei.

Sosiale medium

Medeigar i Vestfjord Bygg og mentoren til Kristin, Jonny André Berg, meiner det skaper eit godt arbeidsmiljø ved å vere både kvinner og menn på arbeidsplassen.

Jonny Andrè Berg

Jonny André Berg seier det er positivt for arbeidsmiljøet med både kvinner og menn i bedrifta.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

– Dei stiller ganske likt, og me har ikkje møtt på utfordringar. Det å ha jenter i gjengen er berre positivt for arbeidsmiljøet, seier han.

Han trur at sosiale medium skal ha litt av æra for at fleire får auga opp for bygg- og anleggsbransjen.

– Det er mange kanalar der ein viser ting frå kvardagen, så fleire kan sjå at dette ser morosamt ut.

Variert og lærerikt

Som ung jente i ein fysisk arbeidskvardag, seier Kristin at den einaste utfordringa ved å vere jente, kan vere at ein av og til er litt svakare enn mannfolka. Ho er rask med å seie at i slike tilfelle får ein ei hjelpande hand, så det er ikkje til noko hinder.

Ho har mål om å ta fagbrevet, og ynskjer seg enda fleire jenter i byggebransjen.

– Det beste med jobben er variasjonen i arbeidet og at det aldri er ein lik dag. Og så lærer ein ekstremt mykje!

Kristin Larsen Svånå

Det er varierte oppgåver for den unge tømrarlærlingen.

Foto: Ingrid Byggland / NRK