Hopp til innhold

Fleire har fått fastlege

43.000 fleire har fastlege i år samanlikna med utgangen av 2022. Det kjem fram i ein fersk statusrapport om allmennlegetenesta frå Helsedirektoratet.

– Dette er gledelege tal. Vi byrjar å sjå verknadene av grepa denne regjeringa har teke, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Rapporten viser også at det blir fleire nye allmennlegar rekrutterte gjennom tilskotsordninga for legar som er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS), samanlikna med tidlegare år.