Hopp til innhold

Fleire fjellovergangar har opna - timevis med ventetid over Hardangervidda

Det kunne by på utfordringar å kome seg heim frå vinterferie i dag. Trass i at fleire fjellovergangar er opna, er ventetida lang.

Rv. 7 Hardangervidda stengt
Foto: Anders Nøkling / NRK

SISTE: E134 Haukelifjell og fylkesveg 50 Hol-Aurland er no opna.

Det er innført kolonnekøyring på rv. 7 over Hardangervidda grunna oppryddingsarbeid. Kolonnen tar maks 25 bilar av gongen. Statens vegvesen melder at det står minst 60 bilar i kolonnekø på austsida. Bilistar må rekne med minst 4 timar ventetid.

For mange er det siste dag av vinterferien, men turen heim har kunna vore krevjande. Fleire fjellovergangar mellom aust og vest har vore stengde.

Det har merkast godt på riksveg 52 Hemsedalsfjellet, der Vegtrafikksentralen melde om ekstra stor trafikk.

– Det vil nok bli ein del trafikk over Hemsedalsfjellet, for det er mange som blir tvinga til å velja denne vegen i dag. Vi tilrår likevel å køyre der eller over Filefjell, sa trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy søndag føremiddag.

Han ber folk om å berekna god tid, og seier at ein ikkje er garantert å komma over fjellet.

Riksveg 15 over Strynefjellet er også open.

Opna i ettermiddag

– Politiet oppmodar om å følgje råda som blir gitt frå Vegtrafikksentralen og meteorologane, sa operasjonsleiar Terje Magnussen tidlegare i dag.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland var stengt inntil rundt kl. 15 i dag.

– No har dei akkurat byrja å rydda eit snøras på mellom Hol og Aurdal. Det kan ta tid, sa Skånøy søndag føremiddag.

Sundag er siste dag i vinterferien for mange, noko som betyr mange bilistar på vegane.

– Vi får mange spørsmål om når dei ulike fjellovergangane opnar igjen.

På E134 Haukelifjell blei det innført kolonnekøyring tidlegare i dag, her blei det opna litt etter kl. 15.

Betring utover dagen

Det har vore ruskete forhold i fjellet i Sør-Noreg. Berre i går var det fem leiteaksjonar i fjellet. Det er varsel om betydeleg snøskredfare i Indre Fjordane, Indre Sogn, Voss og Hardanger, melder varsom.no.

Meteorolog Marianne Skolem Andersen ved Meteorologisk institutt fortalde søndag føremiddag at vêret vil roe seg i fjellet i løpet av dagen.

– Vinden er i minking, så det blir betre forhold utover dagen, fortel meteorologen.

– Vi har varsla første på dagen at det kan vere stiv kuling utsette stader, og at det utover ettermiddagen blir søraust frisk bris, så då burde vinden vere ganske grei. Det blir litt nedbør i dag òg, så det blir litt snø, seier Andersen.

Laster Twitter-innhold