Hopp til innhold

Jøran (19) fekk eksamen annullert etter brann

Då Jøran Grønfur (19) skulle opp til munnleg eksamen blei han møtt med brannbilar og ein nedslåande beskjed.

jøran eksamen

ANNULLERT: Jøran Grønfur fekk ikkje tatt eksamen etter at det byrja å brenne i eit toalett.

Foto: Astrid Iren Solheim / NRK

– Ein blir irritert, for eg hadde førebudd meg godt til denne eksamen, seier Jøran Grønfur, elev på Førde vidaregåande skule i Sunnfjord.

Kring 400 elevar vart evakuert etter at det byrja å brenne på eit toalett på storskulen i Førde.

Brannalarmen gjekk og sprinklaranlegget blei utløyst i delar av bygget.

Fleire av avgangselevane var undervegs i munnleg eksamen, ein karakter som kan bety mykje på vitnemålet.

Les også La ved fasiten til eksamen – studentar må ta oppgåva på ny

Ulrikke Storvik i Sogndal

Då delar av skulen fløyme over etter sprinklaranlegget fekk fleire elevar beskjed om at dei ikkje får fullført eksamen.

– Eg kunne fått ein god karakter, men no blir heile eksamen annullert i staden og eg får ikkje karakter på vitnemålet, seier Grønfur som skulle opp i munnleg eksamen i fysikk.

Totalt skulle 200 elevar ha eksamen i dag, dei aller fleste fekk gjennomført som vanleg, medan om lag 15 elevar fekk annullert eksamen.

Les også Studenten Peder: – Orker ikke vente hele sommeren på en potensiell eksamen

Peder Elness

Stor eksamensdag

Heile 200 elevar skulle opp til eksamen på skulen denne dagen.

– Vi er glad for at vi kunne gjennomføre dei aller fleste eksamen i dag. Dette er ein veldig stor eksamensdag, seier rektor ved skulen Mats Bryne.

Brannvesen på Førde VGS

Eksamen blei annullert for 15 elevar som vil få ein karakter mindre på vitnemålet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han fortel at grunnen til 15 elevar ikkje fekk tatt eksamen skuldast at rom til realfag blei skadd etter vatnet frå sprinklaranlegget.

– Det var ikkje forsvarleg å bruke dei romma og då blir nokre få elevar råka, seier Bryne, og forsikrar om at elevane ikkje treng å førebu seg på nytt:

– Dei treng ikkje å ta eksamen om igjen, då dette er ei hending som ingen har kontroll på eller kan lastast for, seier Bryne.

Starta på eit toalett

Politi og brannvesen fekk beskjed kl. 10.41 om røykutvikling frå eit toalett på skulen.

Kl. 11 var det meldt om kontroll på brannen som var i tilknyting eit bosspann.

– Sprinklaranlegget på skulen sløkte brannen før brannvesenet kom fram, fortel Sturla Iman, innsatsleiar for politiet.

Brannutrykking ved skule i Førde

Brannvesenet rykka ut med store styrker etter melding om brann på skulen med 400 elevar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet har gjort tekniske og taktiske undersøkingar for å finne brannårsaka.

– Ein hypotese er at det er ein påsett brann, seier innsatsleiaren.

Det får elevane til å reagere.

– Det er frustrerande for oss som ville gjennomføre eksamen, seier Jøran Grønfur.

Tysdag byrja det å brenne på eit toalett på Førde vidaregåande skule. Ingen blei skadd i brannen.

Les også Dette skal til for å lykkast på eksamen

Kristine Folkvang Volland står inne i et tomt undervisningsrom på Universitetet i Sørøst-Norges avdeling i Porsgrunn.