Hopp til innhold

Meiner skiltinga er for dårleg

Utanlandske turistar skjønar ikkje at skiltinga, som fortel at Utvikfjellet er stengd, også betyr at vegen til Bergen er stengd.

Tyske turistar

HIT IKKJE MEN IKKJE LENGER: Tyske Paul Noetzel og Magdalena Pfleger etterlyser betre skilting av kva som er omkøyringsveg når fylkesveg 60 over Utvikfjellet er stengt.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi såg fleire skilt, og prøvde å sjekke med Google. Vi fann ut at vi kunne køyre til Utvik og ta ein annan veg derifrå, seier tyske Paul Noetzel.

Saman med Magdalena Pfleger er Noetzel på noregsferie. På veg sørover gjennom fylket, mot Bergen, vart det full stogg i Utvik.

– Det kunne godt har vore skilta kva som var omkøyringsveg, seier Pfleger.

Dei to tyske turistane er langt frå dei første som ikkje har forstått skiltinga.

Har snudd titals turistar

Sigurd Strand, som skyssar folk til og frå Utvik med båt, seier han har snudd eit titals utanlandske turistar.

Sigurd Strand

FOR DÅRLEG: Sigurd Strand seier han har måtte snu ei rekke fortvila turistar i Utvik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er for dårleg skilta. Det står skilt i Stryn, Olden og Innvik om at Utvikfjellet er stengt. Det blir for lokalt. Det må stå at vegen til Bergen er stengt, det er minimum, seier Strand.

– Så utlendingar som kjem her skjønar rett og slett ikkje at vegen er stengd?

– Nei, dei skjønar ikkje at vegen er stengd. Dei kjem til bommen og lurar på kva som skjer. Når Vegvesenet først har balt med å skilte, så tykkjer eg dette er for dårleg, seier Strand.

Skal skilte betre

I Statens vegvesen seier mediekontakt, Kai Jonny Bugjerde, at det er skilta på begge sider av Utvikfjellet, men at dei no jobbar med å få skilta på fleire språk.

– Litt av utfordringa er at vi ikkje har fått opp skilt på fleire språk. No har vi bestilt fleire skilt og meir omfattande skilting av omkøyringsvegar vegen der inne.

Statens vegvesen reknar med at det vil ta fleire månader før den store gjennomgangstrafikken igjen kan gå gjennom Utvik.

– Difor er det bestilt meir korrekt og varig skilting, seier Bugjerde.