– Vi er veldig glad for det, for det gjev oss ein ro og føreseielegheit som gjer det mogleg å utvikla Flåmsbana som produkt vidare. Det seier Solrun Hjelleflat i Aurland ressursutvikling.
Saman med NSB har dei drive Flåmsbana i tospann sidan 1998 og det er det samarbeidet som no skal halde fram dei neste ti åra.
Treng tid til å utvikle Flåm som reisemål
– Flåmsbana er ein integrert del av det som vi kallar destinasjonen Flåm, og det som er viktig for oss er å utvikle alle dei ulike delane av denne destinasjonen over tid. Det får vi høve til no.
Marianne B. Einarsen som er konserndirektør for reiseliv i NSB, er tydeleg på at ei turistrute slik som Flåmsbana ikkje egnar seg for konkurranseutsetjing.
– Egnar seg ikkje for konkurranse
– Reiselivsnæringa er ei heilt anna type næring enn transportnæringa. Den har heilt andre drivkrefter i seg, og det å ha stabile rammer rundt oss når vi skal gjere den jobben med å selje Flåm i utlandet, det er veldig viktig for oss.
Ho fortel at utanlandske turistar som tingar gruppeturar, gjerne ringjer og bestiller eit eller to år i førevegen. Då meiner ho det er viktig å tenkje langsiktig i eigarskap og drift.
Verdas vakraste
Flåmsbana har frå fleire hald vorte skildra som ei av dei vakraste togreisene ein kan ta i heile verda. Einarsen i NSB har trua på at dei skal halde fram med å trekkje til seg fleire turistar.
– I år ser vi at vi kan få meir enn 900 000 reisande på dette vesle togstrekket i hjartet av fjordnoreg, eg trur at potensialet her er endå større.