Hopp til innhold

Norges største forsyningsbase får britiske eigarar

Britisk selskap går inn på eigarsida hos landets største forsyningsbase.

Fjord Base i Florø

SELD: Fjord Base i Florø blir seld til britiske Ancala Partners.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det britiske fondsforvaltarselskapet Ancala Partners kjøper opp majoriteten av aksjane i Fjord Base Holding Gruppen AS.

Dei tilsette på Fjord Base i Florø fekk vite om salet under eit allmøte tysdag morgon.

Fjord Base er ein av Norges største oljeforsyningsbasar. 700 personar jobbar her.

Per Nødseth og Oddgeir Igland har vore inne på eigarsida gjennom konsernet INC Gruppen. For fire år sidan varsla dei lokale eigarane at dei ville selje seg ned eller ut av INC Gruppen, som eig 15 selskap på basen.

130 tilsette påverka av salet

No er det altså blitt kjent at britiske Ancala Partners har kjøpt opp 75 prosent. Den resterande eigardelen står selskapet Semi AS for gjennom den lokale eigaren i Nødseth-familien.

– Dette salet betyr enormt mykje for selskapet vårt og for Florø, meiner Ole Schanke Eikum.

Tore Land og Tim Power fra Ancala kjøper Fjordbase i Florø. Til høgre ser vi direktør Ole Schanke Eikum.

Tore Land og Tim Power fra Ancala kjøper Fjordbase i Florø. Til høgre direktør Ole Schanke Eikum i Fjord Base Holding.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han er konsernsjef i Fjord Base Holding, som står av seks selskap. Totalt 130 er tilsette her.

Schanke Eikum seier dei nye eigarane kan bidra med kompetanse inn mot det grøne skiftet og at dei har finansielle musklar.

– Dette får ikkje konsekvensar for dei tilsette eller leiinga. Einaste forskjell no er at fire representantar frå Ancala kjem inn i styret, seier konsernsjefen.

Ifølge hovudtillitsvalt på Saga Fjordbase, Christian Sunnarvik, var det god stemning blant dei tilsette då salet blei kjent.

Christian Sunnarvik, hovudtilltiltsvalt på Saga Fjordbase

Christian Sunnarvik, hovudtillitsvalt på Saga Fjordbase seier dei er positive til salet.

Foto: Brit jorun svanes / nrk

– Vi skulle aller helst ønskt oss lokale eigarar, men vi er positive og har trua, seier Sunnarvik.

Også ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap), er positiv.

– Det nye selskapet vil definitivt vere ein god medspelar i utviklinga på basen.

Ordføraren møtte dei nye eigarane i dag. Ifølge Teigen gav dei uttrykk for at dei vil vere på basen i mange år framover.

– Dei seier dei vil vidareutvikle basen og investere meir, og då særleg i det fornybare. Det verkar veldig spennande, seier Teigen.

Ola Teigen

Fram til no har den største arbeidsplassen i kommunen hatt to lokale eigarar, noko som har betydd mykje for utviklinga, meiner kinn-ordførar Ola Teigen.

– Dette er landets største forsyningsbase, er det grunn til å frykte dette salet?

– Det er ingen grunn å frykte dette, snarare tvert imot. Eg trur det er grunn til å sjå lyst på framtida. Desse er ein stor finansiell aktør som kan vidareutvikle dei nye satsingane som skal gjerast, seier Teigen.

Han viser til at dersom basen skal posisjonere seg for offshore vindkraft, så må det store investeringar til som han meiner selskapet har musklar til.

Ancala Partners tok tidlegare i mars over drifta av luftambulansen i Noreg frå Babcock, eit anna britisk, børsnotert selskap.

Direktør Tim Power i Ancala uttaler i ei pressemelding at dei er glade for investeringa.

Også dei lokale eigarane seier dei er trygge på at Ancala og Semi ilag vil jobbe godt ilag i tida framover.

– Tek med seg usikkerheit

Konsekvensen av salet betyr at alle avgjersler om framtida til basen blir flytta frå kystbyen til Storbritannia.

Det fortel sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1.

– Gir dette grunn til uro?

Storbritannia er jo ein alliert av oss, og også medlem av Nato. Men om selskapet hadde blitt kjøpt opp frå for eksempel Kina eller Russland, så kunne det i tillegg bety svekka tryggleik for Noreg som nasjon.

Om lag halvparten av norske selskap som har blitt selde dei siste åra, har hamna hos utanlandske eigarar.

Les også Ser lyset i tunnelen for olje-Flora

Søviknes på Gjøa-feltet

– Ein viktig grunn til det er at norske private eigarar av industribedrifter har ein særskatt på å eige slike bedrifter, og det er ein skatt som nesten ingen andre land har, seier Holvik.

Tor Andre Ljosland (KrF), som er leiar for hovudutval for næring at Vestland fylkeskommune, seier salet er ei anerkjenning av alt arbeidet som er lagt ned i basen.

Fjord Base i Florø

Dei fire siste åra har det vore kjent at dei to lokale eigarane ville selje seg ut. I dag blei kjøparen kjent.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Så er det alltid slik at nye eigarar bringar ein del usikkerheit, og derfor er det viktig at selskapet viser openheit for kva planar dei har for basen og Florø, seier Ljosland.

Regjeringa oppretta i fjor haust eit eige utval som skal sjå næmare på tryggleiksvurderingar av utanlandske investeringar.

Utvalet skal sjå om det er behov for auka kontroll av investeringar og anna økonomisk aktivitet i næringslivet.

– Noreg er ein open økonomi med få avgrensingar for utanlandske investeringar og næringslivssamarbeid. Sånn skal det også vere. Men vi må ta innover oss de endra sikkerheitspolitiske realitetane, uttalte næringsminister Jan Christian Vestre då utvalet blei oppnemnt i fjor haust.

Les også Er utsleppsversting – men no vil Vestland bli best i klassa

Fjord Base