Hopp til innhold

Er utsleppsversting – men no vil Vestland bli best i klassa

224 milliardar kroner må til for at utsleppsverstingen skal bli grøn innan 2030. Men kven som tek rekninga, er i det blå.

Fjord Base

GRØN INDUSTRI: Fjord Base i Florø vil bli eitt av totalt 16 sentrale industrilokasjonar, ifølge Vestlands nye grøne omstillingsplan.

Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Industri, olje- og gassnæring og skipsfart fører Vestland til toppen av utsleppsstatistikken.

Men i ein rapport som blir presentert i dag, er det laga store planar for korleis utsleppsverstingen skal omstille seg og bli eit nullutsleppsfylke.

Vestland fylke peiker på 16 industrinettverk når dei no legg fram slagplanen for eit grønt Vestland.

Fjord Base i Florø er eitt av dei. Her er ein allereie i gang med fleire grøne industriprosjekt. Hydrogenproduksjon er eit døme, med todelt målsetting.

– Det eine er å skaffe miljøvennleg drivstoff til maritim næring og båttrafikk. Det er andre er å få til ei samlokalisering med fiskeproduksjonen som gjer at vi kan nytte oksygenet og varmen, forklarer konserndirektør Fjord Base, Ole Schanke Eikum.

Med andre ord eit døme på sirkulærøkonomien, legg han til.

Fjord base. Stig Førde og Ole Schanke Eikum

GRØN INDUSTRI: Konserndirektør Ole Schanke Eikum og viseadministrerande direktør i Fjord Base, Stig Førde, syner fram det som skal bli til eit grønt industrieventyr.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

– Kan ta ei leiande rolle

Nettopp ein slags industriell sirkulærøkonomi er modellen fylkeskommunen og Innovasjon Noreg satsar på.

I Florø skal ein kombinere:

  • Vindmøllepark på land
  • Fullskala oppdrett på land for laks og torsk
  • Grøn hydrogen til skipsfart
  • Bunkringsanlegg for grøn ammoniakk
  • Samanstilling og frakt av offshore vindmøller

250 liknande prosjekt fordelt på 16 lokalitetar skal ta regionen frå utsleppsversting til best i klassa på åtte år.

På vegen er planen å gjere Bergen bli verdas havhovudstad med mellom anna batteriproduksjon, nullutslepps godshamn og passasjerhamn.

Samarbeid på tvers av bransje og geografi blir avgjerande, heiter det i rapporten.

– Det er ein grøn industriell revolusjon, der vi har ei moglegheit til ta ei leiande rolle i Vestland, viss vi handlar no, seier Lasse Anke Hansen, som er prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Rapporten har nokre tydelege mål:

  • Redusere utsleppa med 55 prosent innan 2030
  • Skape 24.000 arbeidsplassar

Å realisere planane er kostnadsrekna til 224 milliardar kroner.

Fylkeskommunen ser føre seg eit offentleg og privat spleiselag. Nestleiar i Miljøpartiet dei grøne, Arild Hermstad, trur det trengst meir, og meiner det er ein stor elefant i rommet.

– Når dei store summane i statsbudsjettet går til oljeindustrien, då klarer vi ikkje investere titals milliardar i dei nye næringane, seier Hermstad.

Florø Fjordbase

FORTETTING: Industriell fortetting er stikkordet i den nye industrimodellen som Vestland lanserer.

Foto: SKJERMDUMP FRÅ GRØN REGION / EY

Etterlyser statleg kapital

– No står me i eit vegskilje. Vi får ikkje løyst dette utan betydeleg statleg kapital. Får ikkje Vestland til ei omstilling, får heller ikkje landet til det, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Berre på Fjord Base i Florø er investeringsbehovet rekna å vere 12 milliardar kroner. Til samanlikning fekk ammoniakkanlegget i Florø 89 millionar kroner i statleg støtte i september.

Men Fjord Base i Florø illustrerer også andre teknologiske hinder denne industrielle revolusjonen har framfor seg. Mange av prosjekta er på idéstadiet og blir nybrottsarbeid.

  • Landbasert oppdrett har framleis fleire utfordringar og det finst ikkje nokon fungerande anlegg i dag
  • Det finst ingen andre ammoniakk-bunkringsanlegg i verda
  • Det finst knapt skip som nyttar drivstoff i form av ammoniakk eller hydrogen
  • Flytande havvind er omtrent ikkje-eksisterande

Prosjektleiaren i fylkeskommunen meiner likevel visjonen er gjennomførbar.

– Vi har nokre av dei fremste kompetansemiljøa innanfor maritim teknologiutvikling. Dei fortel oss at dei har trua på at vi skal klare det, seier Hansen.

FJORD BASE

GRØN INDUSTRI: Fjord Base i Florø vil bli eitt av 16 sentrale industriområde i regionen, ifølge Vestlands nye grøne visjonsplan.

Foto: Harald M. Valderhaug / Hyfuel