Hopp til innhold

Fjord1: - Vi jobbar natt og dag

Fjord1 jobbar på spreng for å finne ut kva som feilar bilferja «MF» Lifjord. På kort tid har frustrasjonen hos både bilistar og ferjeselskapet vakse seg stor.

M/F Lifjord

VIL PROBLEMA TIL LIVS: Det blir jobba dag og natt for å finne ut kvifor det på kort tid har oppstått fleire feil med motoren på bilferja MF Lifjord.

Foto: Monika Stusdal Sagen

Køar på fleire kilometer var resultatet då ferja Lifjord på ny fekk problem første påskedag. Med dette hadde ferja hatt problem tre gonger på berre to veker.

Kommunikasjonsdirektør Ingrid Færøyvik i Fjord1 kan ikkje gå inn i detaljar om kva som har gått gale med motoren, men forsikrar om at det blir jobba hardt for å få retta opp i problema.

– Vi har hatt motoren til overhaling, og etter at vi fekk den tilbake har vi opplevd nokre driftavvik.

– Vi jobbar hardt for å finne ut av det. I utgangspunktet er det ei god ferje og ein god motor, så vi reknar med å finne ut av dette.

Mange feil på kort tid

Fjord1 var budd på mykje trafikk første påskedag og fekk på plass tre ferjer på det sterkt trafikkerte sambandet Lavik-Oppedal på E39. Alt låg til rette for at dei reisande skulle kome seg over Sognefjorden utan problem, men så fekk «MF» Lifjord tekniske problem.

Med mange som skulle heim frå påskeferie vart køane raskt lange, på kvelden søndag melde tipsarar om køar opp mot tre kilometer.

Og dette er ikkje første gong at ferja har hatt problem i det siste. Måndag 18. mars fekk Lifjord også tekniske problem, og den vart i tillegg liggjande og sperre for kaia på Lavik. Dermed måtte sambandet ei stund gå mellom Oppedal og Rysjedalsvika, og mange måtte smørje seg med tolmod for å ta seg over fjorden.

Berre dagar seinare fekk ferja problem på ny, men denne gongen greidde dei å fikse opp i feilen på kort tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferja Lifjord sperrar kaien på Lavik

SPERRA KAIA: Då ferja Lifjord fekk problem måndag 18. mars vart den liggande og sperre for kaia på Lavik.

Foto: Jardar Raa Haugland

– Vi jobbar på spreng

Fjord1 har på dei tre første månadene av 2013 hatt fleire driftavvik på Lavik-Oppedal enn dei hadde i heile 2012. Færøyvik forstår godt at dei reisande er frustrerte.

– Eg kan love deg at vi har folk som jobbar på spreng både natt og dag for å finne ut av dette. Dette er ting som ikkje skal skje, men det er vanskeleg å garantere seg mot slike tilfelle.

– Er det aktuelt å ta ferja ut av trafikk for å få ordna den ein gong for alle?

– Det er for tidleg å seie noko spesifikt om det. Det eg veit er at det blir jobba med dette.

– Ei kvar slik hending er like fortvilande for oss som det er for dei reisande. Vi er opptekne av å levere eit godt produkt, og då er det ikkje kjekt når det oppstår slike problem.