Hopp til innhold

Geolog fryktar flodbølgjer

Kraftig nedbør kan ha auka skredfaren i eit svært ustabilt fjellparti i Aurland.

Aurlandsfjorden

Geolog Lars Harald Blikra fryktar at store fjellmassar kan rase ned i Aurlandsfjorden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

På austsida av Aurlandsfjorden er enorme fjellmassar i rørsle, og geolog Lars Harald Blikra utelukkar ikkje at uvêret har ført til større fjellsprekker.

Snøsmelting

– Vi kan aldri sjå vekk frå dette, då mange farlege fjellparti blir påverka av regnvêr og snøsmelting, fortel han.

Søndag slo eit veldig uvêr innover Aurland. I sju timar regna det kraftig, og det gjekk fleire store ras i kommunen.

Eit stort fjellparti aust for Flåm kan ha blitt meir ustabilt som følgje av dei store nedbørsmengdene.

Størst i landet

Fjellpartiet vart undersøkt av geologar tidlegare i sommar. Truleg er det snakk om det største ustabile fjellpartiet som er registrert i Norge.

– Det er eit stort fjellparti. Dersom ein del av det skulle rase ut i fjorden, er det fare for at det oppstår store flodbølgjer som slår inn mot bebygde område, åtvarar Blikra.