Eit samrøystes kommunestyre har gått inn til å busetje 41 flyktningar dei neste to åra.
Norge skal ta imot 8 000 ekstra kvoteflyktningar frå Syria. I Fjaler ynskjer dei å gjere sin del av dugnaden.
– Det var dette talet vi var oppmoda til å ta i mot. Det var veldig klar stemning for å ta vår del av forpliktinga, og vere med på den nasjonale dugnaden som må gjerast for å busetje flyktningar, seier ordførar Arve Helle (Ap).
Opphavleg skulle kommunen busett 10 flyktningar i 2014 og 10 flyktningar i 2015. Talet for i år er oppjustert til 17 flyktningar.
- Les også:
- Les også:
I tillegg har Fjaler kommune vedteke å busetje 14 flyktningar i 2016. Målet er difor å busetje 20 flyktningar i år og 21 flyktningar til neste år.
I vedtaket til Fjaler kommune er det snakk om 4 overføringsflyktningar frå Syria i år og fem overføringsflyktningar til neste år.
– Men er kommunen i stand til å ta imot 41 flyktningar?
– Ja, det meiner vi heilt klart. Vi har teke imot liknande tal tidlegare, og har gjort ein god og grundig jobb i førebuinga. Så dette skal vi handtere.