Førde tek imot 56 Syria-flyktningar i år

Førde bystyre gjekk torsdag inn for å ta i mot 36 fleire flyktningar i år som del av den nasjonale dugnaden for Syria.

Førde

PLASS TIL FLEIRE: Førde kan ta imot 36 fleire flyktningar i år, meiner bystyret.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tidlegare har Førde sagt at kommunen vil ta imot 20 flyktningar i år. No blir det altså totalt 56. Regjeringa har bede kommunane ta imot fleire flyktningar for å kunne avhjelpe den humanitære katastrofen i Syria.

Berre Framstegspartiet sin einaste representant, Ove Henning Håkonsen, røysta imot forslaget.

Ordførar Olve Grotle (H) seier det er viktig at Førde stiller opp.

– Kort sagt er vi innstilt på å imøtekome ynskjet til regjeringa, så vi legg opp til ein plan der vi kan ta imot dei flyktningane vi blir bedne om å busette.

Olve Grotle

- MÅ STREKKJE OSS: Ordførar Olve Grotle (H).

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Uvisse om økonomi

Førde er beden om å ta imot 36 ekstra frå Syria i år og 26 ekstra i 2016. Grotle er usikker på korleis kostnadene skal dekkast.

– Det er eit ope spørsmål som vi enno ikkje har fått svar på, for vi veit enno ikkje kva staten bidreg med. Dersom staten bidreg med midlar utover det som er vanleg kan eg tenkje meg at kommunen ikkje får ekstra kostnader. Viss ikkje vil vi må ta kostnaden med oss vidare.

– Men her har vi ein ekstraordinær situasjon, her må Førde kommune til liks med mange kommunar i landet strekkje seg. Vi meiner vi skal greie det.