Hopp til innhold

Ordføraren ville ha fleire ungar i bygda – no kan kommunen ha tapt millionbeløp

Kommunen i Vestland held på pusten før nyttår. Vert dei for mange innbyggjarar, ryk millionbeløp frå staten.

Ailin Vik med Noah (1) på armen. Til høgre Mathias Bratli, og Matheo (3) i front.

NYE INNBYGGJARAR: Fitjar kommune får fleire innbyggjarar. Fire av desse er Ailin Vik og Mathias Bratli, saman med borna Noah (1) og Matheo (3). Dette kan dei få svi for økonomisk.

Foto: Olav Røli

Fitjar kommune i Vestland er ein av mange små kommunar i Noreg som får ekstra tilskot frå staten.

Kravet for utbetalinga er at dei må vera under 3.200 innbyggjarar.

Og i 2023 låg dei an til å få 4,1 millionar i ekstra statlege overføringar. I tillegg skulle dei få 3 millionar ekstra i 2024.

Men no står alt dette i fare.

Årsak. Dei har rett og slett blitt for mange innbyggjarar i kommunen.

I starten av desember hadde dei akkurat passert grensa med 3.205 innbyggjarar.

Ordførar Harald Rydland på Fitjar (KrF) lokkar med babyteppe.

Ordførar Harald Rydland på Fitjar gir vekk eit babyteppe med Fitjar-kart til alle nyfødde. No kan det ha vore med og tippa folketalet over magisk grense.

Foto: Olav Røli / NRK

Oppmoding om fødslar

På rådhuset følgjer ordførar Harald Rydland (KrF) situasjonen nærmast frå time til time. Dei aller siste tala viste innbyggjartal på 3.202

– Ja, me er spente her i Fitjar om dagen, erkjenner han.

Han understrekar at han gler seg over kvar ny innbyggjar.

Men han hadde ynskt at talet på innbyggjarar var akkurat under 3.200 ved årsskiftet.

– Men det spørst om det vert sånn, seier han med eit smil om munnen.

I 2021 kom det berre 16 ungar til verda i kommunen.

Ordføraren karakteriserer dette som eit katastrofeår for barnefødslar. Difor gjekk han ut og oppmoda folk i kommunen om å få fleire ungar.

Og no har han fått svar på tiltale. I 2022 har det, og skal komma, til saman 33 ungar i kommunen.

– Dette kan ha vore ei dyr oppmoding?

– Ja, men heldigvis har det å få fleire innbyggjarar også ei økonomisk oppside, seier ordføraren.

Vetle Oliver vart fødd i november.

Her ein av dei nye innbyggjarane på Fitjar i år. Vetle Oliver vart fødd i november, og har fått teppe frå kommunen.

Foto: Privat

Aukar folketalet

22 år gamle Ailin Vik frå Fitjar har travle dagar heime med sønene Matheo (3) og Noah (1) på eigedommen i landlege omgjevnader.

– Folkevekst er positivt, men det er jo morosamt at det ikkje finst ein meir jamnare stige for sånne utbetalingar, seier ho.

I magen veks det også, og i mars 2023 ventar ho og sambuar Mathias Bratli eit nytt tilskot til familien.

– Eg føler absolutt at me har bidrege til å auka folketalet i Fitjar, seier ho, medan ho spring etter sønene som leikar ute i hagen med ein leiketraktor.

Sidan ho er gravid får ho ikkje reisa ut på jobb for Archer på Statfjord-feltet.

– Det er travelt med to små, men dei har godt lag i kvarandre, seier ho.

Ailin Vik, Mathias Bratli, ungane Noah og Matheo på traktor

Mathias Bratli og Ailin Vik saman med sønene Matheo og Noah ute i hagen. Dei stortrivst på Fitjar, der dei har masse hjelp frå familie.

Foto: Olav Røli / NRK

– Burde ha vore positivt

Helene Volden de Fine (22) kom flyttande tilbake til heimkommunen med sambuar Jan Audun Taraldsen i juli.

Og i november kom sonen Oliver til verda. Dermed kan Fitjar notera seg tre nye innbyggjarar.

– No har den eine etter den andre regjeringa oppmoda oss om å få fleire ungar. Då er det dumt at dette førar til at kommunen mistar statleg støtte. Det burde jo vera veldig bra at unge flyttar tilbake og får ungar, seier ho.

I tillegg til fleire barnefødslar, har kommunen også teke i mot fleire flyktningar i år.

I sum kan dette tippa folketalet over den magiske grensa, og gje kommunen økonomiske utfordringar.

– Me går i mot eit krevjande økonomisk år i kommunen, seier ordføraren.

helene volden de fine og sambuar Jan Audun taraldsen. Sonen Oliver

Helene Volden de Fine og Jan Audun Taraldsen flytta til Fitjar i sommar, og i november kom sonen Oliver. Ho meiner det er rart at kommunen vert straffa for å auka folketalet.

Foto: Privat

Arrangerte fakkeltog

Sunnhordland har hatt fleire saker om tøffe budsjettkutt i kommunen.

Og sist måndag vart det arrangert fakkeltog mot kutt i helse- og omsorgssektoren på 2023-budsjettet.

– Eg vert sint og fortvila, og kjenner eg får hjartebank, sa hovudtillitsvalt i Fagforbundet, Turid Johanne Dalen under markeringa.

Dei reagerer mellom anna på kutt i sektoren, og meiner dette går utover heile tenestetilbodet i kommunen.

Men dei kjempa forgjeves. Budsjettet, med kutt i helse- og omsorgsbudsjettet, vart vedteke sist veke.

Turid Johanne Dalen, Fitjar Fagforbundet

Turid Johanne Dalen i Fagforbundet på Fitjar er uroa over store kutt i kommunebudsjettet i 2023. Sist veke var det fakkeltog i kommunen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ventar kompensasjon

Varaordførar Sigurd André Maraas (Frp) meiner det er urettferdig at kommunen sine innbyggjarar vert straffa for at dei tek i mot flyktningar, og for at dei får fleire ungar.

– Dette er både vondt og vanskeleg. Me tek i mot flyktningar med godt hjarta, samstundes som me mistar tilskot. Det er ikkje slik det skal vera, seier han.

Han meiner at flyktningar ikkje skal vera med i talet på innbyggjarar.

Dette fordi mange er mellombels busett.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) skriv i ein e-post til Dagbladet at ingen kommunar skal tapa på å ta i mot flyktningar.

– Eg har ei klar forventing om at me skal få kompensert slik at me ikkje tapar på å ta i mot flyktningar, seier Maraas.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.