Ein passasjer på ein buss observerte ein person i elva Anga og alle naudetatane rykte ut. Blant anna redningsdykkarar og tilsette i ambulansetenesta.
Så kom kontrameldinga: Verksemda Rådgivende Biologer hadde dykkarar i elva som dykka frå sentralsjukehuset og ned til det såkalla sandløpet.
– Dei har drive med drivteljing av fisk. Ingenting som tyder på at det er andre enn desse to dykkarane som har vore i elva, opplyser politiet.