Forsvarar Jørgen Riple seier til NRK at mannen ikkje erkjenner straffskuld.
Han er sikta for drap på mora si på Litlesotra utanfor Bergen.
– Han har likevel gått med på å sitja i varetekt i fire veker, seier Riple til NRK.
Ville ha medieforbod
Den drapssikta mannen får brev- og besøksforbod i fire veker, med full isolasjon i to veker.
Politiet ville i tillegg ha medieforbod for den sikta, men fekk ikkje medhald i dette. Difor blir spørsmålet anka til Gulating lagmannsrett. Inntil det er avgjort, får den sikta ikkje tilgang på nyheiter frå TV, radio og aviser.
Riple seier klienten ikkje har det greitt.
– Alvoret i saka går meir og meir opp for han. Det er ein prega ung mann, seier han.
I går forklarte den sikta seg i eit fleire timar langt avhøyr. Forsvararen reknar med at det snart blir aktuelt med nye avhøyr, men han skal først diskutera dette med klienten sin seinare i dag.
GODTAR FENGSLING: Forsvarar Jørgen Riple seier at det blei eit kort fengslingsmøte, fordi klienten godtar fire veker i varetekt.
Foto: Therese PisaniHar avhøyrt mange vitne
Påtaleansvarleg Christine Møen Wisløff i Vest politidistrikt vil ikkje seia noko meir om korleis drapet skjedde, eller kva som kan ha vore motivet.
Ho seier politiet har avhøyrt veldig mange vitne i saka, både naboar, familie og kjenningar. Samtidig held krimteknikarar fram med undersøkingar på åstaden, og politiet undersøkjer ulike digitale spor.
– Vi held fram med etterforskinga, ut ifrå det vitne og den sikta har forklart, seier ho.
Den avdøde blir formelt obdusert på Gades institutt i Bergen i morgon.
HELD FRAM ETTERFORSKINGA: Påtaleansvarleg Christine Møen Wisløff seier dei held fram etterforskinga for fullt, blant anna med å undersøkja digitale beslag.
Foto: Even Norheim Johansen / NRK– Fekk telefon om dødsfallet
To kameratar av den sikta fortel til fleire aviser at dei blei oppringde av ein felles kjenning laurdag kveld.
Vedkomande skal ha fortalt at kvinna var blitt drepen. Dei to skal så ha reist til bustaden hennar på Brattholmen.
– Eg gjekk frå rom til rom. Til slutt fann eg ho død på soverommet, seier den eine kameraten til Bergens Tidende.
NRK møtte kameratane utanfor tinghuset medan fengslingsmøtet gjekk føre seg sundag føremiddag.
Dei var då sterkt prega av saka, og ønskte ikkje å gjenta kva dei hadde opplevd til NRK.