– Han nektar straffskuld. For han er denne situasjonen heilt surrealistisk. Det er eit stort sjokk, seier forsvarar Jørgen Riple.
Den sikta mannen har sete i avhøyr med politiet i fem timar søndag.
– Han har fått beskjed om at mora er død, ein person han har vore glad i og sete stor pris på. Han er sjølvsagt lei seg, seier Riple, som legg til at sonen har nesten ingen erfaring med politiet.
Mannen vil bli framstilt for fengsling i Bergen tingrett måndag klokka 10.
– Han var villig til å forklare seg for politiet. Vi vil ikkje gå ut med innhaldet i forklaringa hans, opplyser politiet.
SURREALISTISK: Mannens forsvarer Jørgen Riple seier at den sikta mannen hadde eit greitt forhold til mora. – Ho er ein person han har vore glad i, seier han.
Foto: Therese PisaniPågripen ein annan stad
Mora hans vart funnen død i sin eigen heim ved 20.30-tida laurdag kveld og politiet var på staden like etter. Mannen i 20-åra vart pågripen i 21-tida.
Den sikta vart ikkje pågripen ved Brattholmen, men ein annan stad.
Mannen vart frakta til politihuset i Bergen laurdag, der det vart teke kriminaltekniske undersøkingar av han. Han er no arrestert.
Det opplyste påtaleansvarleg Christine Møen Wisløff under ein pressekonferanse på politihuset i Bergen sundag.
Mannen ville ikkje bli avhøyrt laurdag.
– Vi takka nei til eit avhøyr klokka 02 i natt. Han var trøtt og eg var trøtt, seier Riple.
LITLESOTRA: Politiet hald fram med undersøkingar på staden sundag ettermiddag.
Foto: Therese Pisani– Hyggeleg og oppegåande
NRK har prata med naboar til kvinna som døydde.
– Eg er sjokkert over det som truleg har skjedd. Dette er eit stille og fredeleg område. Folk går på jobb, og det er som i alle andre bygder, seier Sveinung Iversen.
– Dette er ikkje anna enn tragisk. Ho verka som ei hyggeleg og oppegåande dame, seier nabo Tommy Lilleheil.
Han beskriv hendinga som uverkeleg.
NABOAR: Tommy Lilleheil (t.v.) og Sveinung Iversen er sjokkerte over det som har skjedd på Brattholmen på Litlesotra. Dei beskriv den avdøde kvinna som hyggeleg og oppegåande.
Foto: Therese PisaniVitne varsla
Det var vitne på staden som varsla politiet om dødsfallet i eit bustadfelt på Brattholmen på Litlesotra laurdag kveld.
Politiet har i heile natt jobba med kriminaltekniske undersøkingar i bustaden, og det er sikra elektroniske spor.
– Vi har avhøyrt fleire vitne i saka, både meldar og omgangskretsen til dei involverte, seier Møen Wisløff.
Politiet vil førebels ikkje seie noko meir om dødsårsak, bakgrunn eller hendingsgangen.
– Ein av hypotesen er at dette er eit drap, men vi bind oss ikkje til noko hypotese så tidleg i etterforskinga, seier Møen Wisløff.
– Forferdeleg tragedie
Rettsmedisinar Inge Morild ved Gades institutt gjorde innleiande undersøkingar i natt. Politiet haldt fram med undersøkingar på staden utover dagen.
Den avdøde vil bli obdusert tysdag.
– Dette er ei forferdeleg tragedie. Meldinga kom som eit stort sjokk på familien. Dei er i djup sorg og ber om ro i denne vanskelege tida, seier bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs.
TRAGEDIE: Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs kallar hendinga for ei forferdeleg tragedie.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei