Hopp til innhold

Kom fire ras på sju kilometer - knapt éin månad før vegen skal opne

Den nye og uopna vegen over Dalsfjordsambandet slapp heller ikkje unna helgas uvêr. På ein strekning på sju kilometer kom det fire ras.

Hengjestenger Dalsfjordbrua

VILLE BLITT STENGT: Vegen over Dalsfjordsambandet ville blitt stengt fleire stader grunna ras, om vegen hadde vore opna i helga.

Foto: Harald A. Holmefjord / Statens vegvesen

– Her er ikkje meir rasutsett enn andre stader, seier byggeleiar Arne Strand i Statens vegvesen til Firda.

Det er berre ein knapp månad til det omdiskuterte sambandet opnar. Hadde vegen vore opna i helga, ville kvart av rasa i seg sjølv vore store nok til å stenge vegen.

Like ved Ottersteintunnelen vart stein og anna masse vaska ut i vegbana, medan rasa kom ein knapp kilometer lenger inne, ved utgangen av Dalsfjord-tunnelen og om lag 500 meter frå Eikenes-kaia.

Har blitt åtvara mot stor rasfare tidlegare

Under arbeid på sambandet rasa ein tunnel saman, og både geolog Einar Alsaker ved Sunnfjord Geosenter og ein anleggsarbeidar som jobba på Dalsfjordsambandet, har åtvara mot rasfaren.

Kontroll avslørte dårleg fjellreinsk ved Eikenestunnelen på Dalsfjordsambandet

RASUTSETT OMRÅDE: Som arkivbiletet syner har det også tidlegare rasa i området krig Eikenestunnelen på Dalsfjordsambandet.

Foto: Eystein Grimstad

Stand fortel at det er tynt jordsmonn og bratt terreng, slik at terrenget ikkje held på vatnet. I tillegg synte det seg at ein har brukt rør som var ikkje store nok til å klare å ta unna alt vatnet som kom.

– No skal vi grave opp igjen vegbane og legge ned eit nytt rør med ein diameter på 80 centimeter. Det skal halde, seier Strand.

Allereie før uvêret starta i helga hadde det gått eit steinsprang i fjellsida, og geolog var kontakta for å vurdere området, men før han var på plass kom eit ras på nøyaktig same stad.

–Teorien er at steinspranget skapte sår i terrenget der dei ekstreme vassmassane fekk tak, og så losna raset, seier Strand.

Kan ikkje garantere trygg veg

Måndag var fjellklatrarar i sving for å reinske vekk lausmassar og vegetasjon i fjellsida. I 2010 gjekk også eit fjellsikringsfirma over heile fjellsida.

Strand seier at ting forandrar seg på tre år, og at ein den første åra etter ei vegopning kan komme einskilde nedfall inntil terrenget har sett seg, då inngrep i terrenget kan ha redusert noko av støtta til jordsmonn og vegetasjon. På spørsmål om vegen er trygg for bilistane, kan ikkje Strand garantere noko.

– Det eg kan garantere er at vi har gjort alt som står i vår makt for at det skal vere trygt. Vi har sett opp 8000 kvadratmeter isnett, vi har støypt inn bekkar, sett og fanggjerde der det er fare for steinsprang, lagt erosjonsnett i sårkantar i jordskråningane, reinska og spylt lausmasse. Me heilt trygt vil det aldri vere. Vi er trass alt på Vestlandet.

Geolog Kristian Kjesbu i Statens vegvesen, har sett nærare på rasområdet, og seier dei vil sjå på kor utsett bekkeløpa er for utvasking.

– Eg vil ikkje seie at området er spesielt rasutsett, men det er bratte fjellsider over her, som det er andre stader på Vestlandet, seier Kjesbu.